Krev språklov med respekt for språkmangfaldet
For å ta vare på språkmangfaldet i Noreg bør den varsla språklova styrkja dei språklege rettane til innbyggjarane. Det meiner styret i Nynorsk kultursentrum, som krev fleire nye tiltak i den nye lova.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Grunnlaget for språklova bør vera dei språklege rettane til innbyggjarane, ikkje språka i seg sjølve. Diskriminering og sjikane på språkleg grunnlag må gjerast like ulovleg som diskriminering på anna grunnlag, seier styret i Nynorsk kultursentrum i eit innspel til den nye språkmeldinga og språklova.
Det er første gongen at regjeringa har sett i gang eit arbeid med ei heilskapleg språklov. I samband med den nye språklova skal det også lagast ei ny språkmelding. I den samanhengen har Kulturdepartementet bede om innspel. Det er denne invitasjonen Nynorsk kultursentrum no har kome med tilbakemelding på.
Heile innspelet kan du lese her.
Seks tiltaksområde
I innspelet blir det streka under at språkpolitikken må ta utgangspunkt i språkbrukarane og behova deira. Stiftinga meiner det er behov for tiltak på seks ulike område: Språk i det digitale Noreg, norsk fagspråk, offentleg sektor si rolle i språkpolitikken, institusjonar for nynorsk, nynorsk for barn og unge og geografiske målretta tiltak for nynorsk skriftkultur.
– Utgangspunkta for språkbrukarane er ulike. Det må språkpolitikken spegla. Det er annleis å vera brukar av det dominerande skriftspråket, bokmål, enn å vera brukar av nynorsk, norsk teiknspråk, dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.
Ein rett å tale dialekt
Stiftinga meiner vidare at den nye språklova må slå fast at det ikkje er noko normert talemål i Noreg, og at retten folk har til å nytta dialekten sin, skal gjelda i alle offentlege samanhengar.
Når det gjeld skriftspråket, peikar Nynorsk kultursentrum på at norsk er under press frå engelsk både i vitskapen, i underhaldningsindustrien og i næringslivet.
– Det er derfor avgjerande at språkpolitikken ikkje er avgrensa til kulturpolitikken, men at han er eit avgjerande grunnlag for politiske val på mange samfunnsområde, heiter det innspelet.
Kulturdepartementet har tidlegare opplyst at målet er å senda forslag til ny språklov ut på høyring til hausten.
Har du lyst til å lære nokre fraser teiknspråk? Her får du nokre korte leksjonar av Kaia (14):