Siger til nynorsken i skulen

Kunnskapsdepartementet løyver 55 millionar til digitale læremiddel på båe målformer i skulen. Det er dei glade for i Noregs Mållag, som meiner situasjonen til no har vore uhaldbar.

Isak Slettebø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lovar digitale læremiddel på nynorsk

Det har lenge vore vanskeleg for lærarar å finna gode digitale verktøy på nynorsk. På landsmøtet tidlegare i år starta Noregs Mållag kampanjen «Oppdater!» for å sikra at nynorskelevane får dei digitale læremidla dei har krav på.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner vitja landsmøtet og lova å sjå nærmare på kva som kan gjerast for at digitale læremiddel blir tilgjengelege på båe målformer.

Les også: Gloppen krev digitale læremiddel på nynorsk

Som sagt, så gjort

No løyver Kunnskapsdepartementet 55 millionar til utvikling av nye digitale læremiddel i skulen. Dette er ein pott som både forlag og andre læremiddelprodusentar kan søkja på.

Alle desse læremidla skal vera tilgjengelege på både nynorsk og bokmål, skriv departementet i ei pressemelding som gjekk ut i går.

– Noregs Mållag er svært glad for at Kunnskapsdepartementet no presiserer at dei 55 millionane dei løyver til digitale læremiddel, skal gå til å utvikle læremiddel i parallellutgåver på bokmål og nynorsk, seier leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn.

Les også: Digitale hjelpemiddel kan hindre læring

Påtrengjande bokmål

Noregs Mållag er uroa for at mange klasserom i nynorskområde fløymer over av digitale læremiddel på bokmål, fordi tilgangen på nynorsktilbod er for dårleg. Dei skildrar situasjonen som uhaldbar.

– Læremiddel på hovudmål er ein rett, påpeikar Aasbrenn.

Han meiner det er særs viktig at digitale læremiddel kjem i nynorskutgåver, sidan nynorskelevane ser mindre av målforma si rundt seg enn bokmålselevane gjer.

Magne Aasbrenn i Noregs Mållag er nøgd med at me no får digitale læremiddel på nynorsk i skulen. Foto: Noregs Mållag

Skulen skal få nye læreplanar hausten 2020, og regjeringa fornyar læremidla i same jafs.

Les også: SV krev fleire tiltak for digitale læremiddel på nynorsk

– Meir enn tekst på skjerm

Men digital dugleik handlar ikkje berre om å vera god i Word.

– Digitale læremiddel må vera meir enn «tekst på skjerm», understrekar statssekretær i Kunnskapsdepartementet Rikke Høistad Sjøberg.

– Når vi fornyar læreplanane, må også læremidla fornyast, seier statssekretær Rikke Høistad Sjøberg Foto: Marte Garmann

Ho seier me kan sjå for oss eit læremiddel i det tverrfaglege temaet «Folkehelse og livsmeistring» som stiller elevane overfor dilemma og ulike utfordringar i livet.

Les også: Fleire eldre speler dataspel

Pengedryss til programmering òg

I tillegg til dei 55 millionane løyver regjeringa 15 millionar til utstyr for programmering i skulen.

Mange lærarar er svære på å koda, men vantar dei naudsynte midla til å læra det bort.

– Det er viktig at elevane så raskt som mogleg får glede av kompetansen lærarane tileignar seg gjennom etter- og vidareutdanning, seier Sjøberg.

Les også: EU vil bli digitalt verdspoliti

Desse faga kjem Kunnskapsdepartementet til å prioritera

  • Samfunnsfag
    (1.-4. årstrinn)
  • Matematikk
    (1.-4. årstrinn)
  • Norsk
    (grunnskule og vidaregåande nivå, yrkesfag, studieførebuande og påbygging til generell studiekompetanse)
  • Kunst og handverk/Duodji
    (5.-7. årstrinn)
  • Musikk
    (8.- 10. årstrinn)