Unge næringslivsleiarar trur mindre på olja enn andre

Berre 12 prosent av næringslivsleiarane i aldersgruppa 20–35 år trur at olje og gass kjem til å halde på posisjonen som den viktigaste industrinæringa i Noreg i meir enn 30 år. Det er langt færre enn blant unge vaksne elles.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mange som 29 prosent av 20–35-åringane elles trur at olja vil halde på dominansen i meir enn 30 år, viser ei undersøking som konsulentselskapet First House har gjort.

Dei fleste har ein kortare tidshorisont for oljenæringa. 38 prosent av dei unge næringslivsleiarane trur oljenæringa held fram som den viktigaste industrinæringa i 10–19 år, mot 30 prosent blant dei unge vaksne elles.

– Næringslivsleiarar har ofte det trekket at dei er framtidsretta og trur på endring. Det er etter mi vurdering positivt. Og som kjent er det ei krevjande øving å spå om framtida, seier kommunikasjonsrådgivar Tommy Hansen i bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass til næringslivsavisa E24.

Sju av ti av dei unge næringslivsleiarane ser elles klimaendringar som den største bekymringa i åra som kjem. Nesten halvparten av dei, 46 prosent, er i høg grad villige til å gå ned i levestandard for å skape ei betre verd. Blant dei unge vaksne elles er den delen 36 prosent. (©NPK)