Det sa tidenes yngste vinnar av Frivillighetsprisen då ho torsdag la ned grunnsteinen i det komande Klimahuset.
Penelope Lea
Penelope Lea

Torsdag 20. juni la Penelope Lea (14) ned den symbolske grunnsteinen – ein tidskapsel fylt av klimarelaterte gjenstandar – for det komande Klimahuset ved Naturhistorisk Museum i Oslo.

Dette er talen ho heldt for dei oppmøtte: 

Gratulerer med huset de har fått, huset de skal få,
huset som allereie no

veks og veks
og eg som håpar vil vakse modig og viktig lenge
etter at det er ferdig bygd.

Gratulerer med dagen og med alle dagane som kjem,
alle dagane de, også på grunn av dette huset, får ei vedunderleg og viktig mogelegheit til å ta vare på.

Og eit ansvar, sjølvsagt.
Å få ansvar for noko vakkert og viktig, er noko av det finaste som finst, synest eg.

Mitt bidrag til grunnsteinsnedlegginga, til tidskapselen,
er ein liten grunnstein i seg sjølv, ein liten bit av grunnfjellet vårt.

Det er ein stein eg fann på ei strand då eg var ganske lita.
Då eg heldt min første appell ni år gammal, hadde eg den i lomma fordi den gav meg mot og minna meg på det som var viktig for meg.

Steinen er hard, slik steinar er.

Og som ung klimaaktivist opplever eg at mange synest krava våre er harde.

Eg veit krava er ambisiøse og vanskelege å nå,
men også at dei er nødvendige, like nødvendige som grunnfjell.

Jo lenger du ser på noko, jo meir forandrar det seg.

Denne vesle steinen
kan kanskje sjå ut som ein heilt vilkårleg stein
ved første augekast, heilt vanleg,

slik mykje gjer når ein ser fort på det,

men tittar du betre etter, vil du sjå at denne steinen er forma som eit hjarte.
Eg kallar den ein hjartestein.

For meg er klimakampen ein kjærleikskamp.

Eg har kjempa frå eg var åtte fordi eg elskar å leve, elskar alt som lever.
Og det eg elskar, vil eg kjempe for.

Eg veit ikkje om noko som er sterkare, meir solid og meir nødvendig
å møte kriser med, enn kjærleik.

Og som ein del av kjærleiken:

Ærlegdom, mot, realisme, samarbeid, vilje til å ta avgjerder.
Handlingskraft.

Ansvar.

Dette er den første hjartesteinen eg fann.
Sidan har eg funne mange.

Då eg begynte å arbeide for klima og miljø, følte eg meg litt åleine.
No veit eg at eg ikkje er det.

No veit eg at det finst millionar andre menneske, unge og gamle, som kjempar for og er villige til å ta vare på verda.

Men vi treng fleire.

Og slik eg fortsatt leiter etter nye hjartesteinar,
leitar eg etter vennar, som vil vere med å kjempe for alt som lever.

Et hus har mogelegheit til å verte ein heim.

Ein heim er ein stad som gjer deg modig, trygg, men også ein stad som utfordrar deg
og vala du tek, gjev deg motstand,
minner deg på kven du er
og kva som er viktig
når du sjølv kanskje gløymer det.

Eg håpar Klimahuset vil vere ein slik heim.

Eg håpar de, også gjennom Klimahuset,
vil tørre å snakke høgt og tydeleg om krisa vi står i,
at de vil arbeide og tenke og elske modig og ærleg
for å finne og setje i gang handlingar.

Sjølv om de kan få kritikk for det.
Sjølv om de kan verte tillagde politiske tilhøyrslar utan å ville det.

Vi må bruke politikk for å gjennomføre systemendringar.

Og for å kunne ha eit sunt politisk samfunn,
må vi snakke saman, må vi formidle situasjonen vi er i,
må vi lytte til kvarandre og forstå, må vi gje slepp på tankegangar og
handlingsmåtar som viser seg å vere farlege,

må vi stå saman,

må vi klare å skilje viktig frå uviktig.

Klimakrisa krev ekstraordinære handlingar, ekstraordinær kjærleik og ekstraordinært samarbeid.

Og eg håpar at alt de vil gjere og tenke og skape ekstraordinært
i Klimahuset
så det vert ein slik heim

som kjemper for å ta vare på den

einaste
eine,

felles heim vi har.

Talen er sett om til nynorsk av Framtida.no.

Les også meininginnlegget: «Å snakke med Penelope på fjorten år, tente eit håp i meg»

Oppdatert: laurdag 22. juni 2019 13.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE