Elevleiar: – Vaksne forstår ikkje den digitale verda me lever i

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det hjelper ikkje å berre kople det av, slik at vi forbyr det vi synest er skummelt og det vi ikkje forstår, seier Alida D’Agostino under debatten Hvor langt inn på elevers mobiler strekker skolens ansvar seg?

Leiaren i Elevorganisasjonen meiner diskusjonen om mobilforbod i skulen ikkje er ein god idé, men at vaksne heller må vise interesse for elevane sin kvardag på nett.

D’Agostino: – Det er liksom heile kvardagen vår

Debatten var arrangert av Telenor og Røde Kors, som samarbeider om det digitale undervisningsopplegget Bruk hue, som tek sikte på å førebyggja mobbing på nett.

I ei spørreundersøking gjort av Opinion på oppdrag for organisasjonane svarar 45 prosent av dei 501 lærarane som er spurde, at dei opplever at elevar vert mobba på nett.

Fleire elevar på barneskulen vert mobba, enn blant elevar på vidaregåande.

– Me vert møtte med at dei vaksne kanskje ikkje heilt forstår den digitale verda me lever i, seier D’Agostino og viser til at debattleiaren snakka om «på nett og i det daglege liv».

– Men for oss så er begge deler like verkeleg. Det er liksom heile kvardagen vår.

Ho trur at vaksne lærarar og foreldre som viser interesse og forståing for livet på sosiale medium, kan vere særleg viktig for at unge skal våge å kome til dei vaksne når det skjer noko på nett som dei ikkje klarar å deale med sjølv.

LES OGSÅ: – Sosiale medium gjer utestenging mykje verre

Mobbelova

Røde Kors sin hjelpetelefon Kors på halsen har hittil i år fått 8000 telefonar og meldingar frå barn og unge som vil snakka om relasjonar og utfordringar i livet.

I 2017 tredde den såkalla mobbelova i kraft. Ifølgje Opplæringslova paragraf 9A har lærarar og alle andre vaksne på skulen ei aktivitetsplikt som betyr at dei må gripe inn og melde ifrå til rektor, slik at det kan verte sett i verk tiltak.

Dersom elevar og foreldre meiner at skulen sviktar si oppgåve i å sikra eleven eit trygt og godt skulemiljø kan dei klaga direkte til fylkesmannen.

Nestleiar i Utdanningsforbundet, Terje Skyvulstad, seier dei har vore spent på endringane og har fått positive tilbakemeldingar når dei har spurt lærarar.

– Lærarane synest det er ei klok endring av 9A. Dei seier også at det er lettare å oppfylla rettstryggleiken til eleven etter endringane, seier Skyvulstad i debatten.

Helsesista: – Konflikt er naturleg

Tale Maria Krohn Engvik, som er kjent for elevar over heile landet som Helsesista, fortel at ho ofte har sendt lenkja til fylkesmannen til elevar, med oppmoding om å ta saker vidare der.

Ho understrekar at det er heilt naturleg for barn og ungdom å vere i konflikt.

– Det å læra seg å handsama konfliktar er ein del av livet og ein del av det å vekse opp, men det er jo vanskeleg for dei når dei får mobilar ned i barneskule-alder og kanskje enno ikkje har lært seg å handsama konfliktar andlet til andlet, seier helsesjukepleiaren.

Ho vert kontakta både av unge som opplever «litt drama» og dei som vert utsett for stygge ting over tid.

– Det er veldig mange som opplever at skulen ikkje klarar å hjelpe dei, seier Krohn Engvik, som meiner eit tverrfagleg og innsats fokus ofte er nøkkelen til suksess.

Tale Maria Krohn Engvik meiner det bør jobbast tverrfagleg med mobbing. Pressefoto

LES OGSÅ: Færre elevar blir mobba, men trivselen går ned

Foreldreansvar?

Det er heilt tydeleg at skulen har ansvar for det som skjer både på skulen og på skulevegen, men det som skjer heime og på nett utanom skuletid er ei gråsone.

I spørjeundersøkinga frå Telenor og Røde kors svarar heile 83 prosent av lærarane at dei meiner foreldra har hovudansvaret for å førebyggja mobbing på nett.

D’Agostino ser gjerne at foreldre tek meir ansvar, men understrekar at lærarane ofte er vel så viktige og tilstadeverande personar i elevane sin kvardag.

Bodil Houg, som er mobbeombod i Buskerud fylkeskommune understrekar at det er foreldra som har hovudansvaret for oppdraginga.

– Men det er eín stad alle møtest og det er i skulen. Det er eit gyllent høve til å starte den tidlege innsatsen, seier ho og understrekar at det må gjerast saman med foreldra.

Livslangt mobbeløp

Terje Skyvulstad frå Utdanningsforbundet meiner betre førebyggjande arbeid mot mobbing kan få konsekvensar langt utanfor skulens fire veggar.

Han peikar på at 5 prosent av norske arbeidstakarar fortel at dei vert mobba på arbeidsplassen, noko som tilsvarar 140.000 menneske.

– Me diskuterer mobbing som eit isolert skuleproblem. Det meiner eg er feil. Det me kan gjere er å innsjå og jobba med dette som eit samfunnsproblem, seier nestleiaren i Utdanningsforbundet.

LES OGSÅ: Albert (19): – Dei ropte at sånne som meg ikkje hadde noko her å gjera

Albert Astrup (19) har cerebral parese og er lam i ein arm. Han har opplevd hetsing både på gata og på nett, men finn også støtte i å kunna dela opplevingane på sosiale medium. Foto: Ingvild Eide Leirfall