Færre elevar blir mobba, men trivselen går ned

Færre elevar blir mobba, viser Elevundersøkinga. Flest barneskuleelevar seier dei har vorte mobba, men tala går ned i alle aldersgrupper.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Færrast blir mobba på vidaregåande, viser undersøkinga for 2018.

I undersøkinga svarer 7 prosent av elevane på sjuande trinn på barneskulen at dei har vorte mobba. Det er ned frå 7,2 prosent i 2017.

Blant elevane på tiande trinn på ungdomsskulen svarer 6,7 prosent at dei har vorte mobba. I 2017 var denne delen 8 prosent.

I første klasse på vidaregåande skule (VG1) svarer 4,4 prosent at dei har vorte mobba, mot 5 prosent i 2017.

Les også: Homo og hore oftast brukte skjellsord i norsk skule

Minst i nordvest, mest i Oslo

Det er minst mobbing på VG1 i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, viser dei fylkesvise tala. Her seier 3,4 prosent av elevane at dei har vorte mobba dei siste månadene, som er dei lågaste tala i heile undersøkinga.

I Oslo svarer 6 prosent av elevane på dette trinnet at dei har vorte mobba, og Oslo er dermed fylket med mest mobbing på VG1.

Det høgaste mobbetalet i undersøkinga sett under eitt, er på sjuande trinn i Troms, der 8,5 prosent av elevane seier at dei har vorte mobba dei siste månadene.

– Det er gode nyheiter at det er mindre mobbing i vidaregåande, men tala viser at vi må styrke tidlege innsatsen mot mobbing i grunnskulen, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

Les også intervjuet med 14-åringane Ella, Ellisiv og Ea som fortel om dei krenkande kommentarane dei får slengt etter seg i skulegarden. 

Trivselen går ned

Interessa til elevane for å lære på skulen, kor godt dei liker skulearbeid og i kva grad dei gleder seg til å gå på skulen, går ned det siste året både i barne- og ungdomsskulen.

Elevane på sjuande trinn som svarer at dei har størst motivasjon, går på skule i Oslo, medan elevane på tiande trinn og VG1 med størst motivasjon går på skule i Hedmark.

Elevane med minst motivasjon både på sjuande trinn og tiande trinn går på skule i Finnmark, medan elevane på VG1 med minst motivasjon går på skule i Hordaland.

Frå 2015 til 2018 har motivasjonen for å gå på skule særleg vorte mindre for elevane på sjuande trinn i Østfold, Akershus, Vestfold, Hordaland og Troms.

Les også: Elevar i Rogaland får mobbeknapp

Meir samkøyrd om reglar

Fleire elevar meiner dei vaksne på skulen er meir samkøyrde når det skjer brot på reglar for orden og åtferd til samanlikning med tidlegare år.

På landsbasis har det skjedd ei stor endring i svara frå elevane på VG1 på dette området.

Forskar Christian Wendelborg ved NTNU Samfunnsforsking meiner innføringa av fråværsgrensa har ein samanheng med dette.

– Fråværsgrensa kan vere med på å gjere det lettare for skulane å køyre ei felles linje når det gjeld ordenen og åtferda til elevane, seier han.

Har du lese denne? – Når folk skrur av hjula på stolen min, berre på pur faen, då er det noko som ikkje stemmer, fortel Sofie Jansen (22).

Sofie Jansen (22) måtte vente lenge på å kjenne seg verdsett. Foto: CP-Foreningen/Margaretha Nicolaysen