– Sosiale medium gjer utestenging mykje verre

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med serien og boka «Lik<3Meg» vil Anne Wisløff vise at heilt vanlege barn kan vere skikkeleg slemme mot kvarandre fordi dei opplever at livet er utrygt.

– Vi følte at det var eit udekt behov og at det var noko vi ikkje hadde tort å gå heilt inn i, seier serieskapar og forfattar Anne Wisløff om starten på nettserien Lik Meg på NRK Super, som ho no har skrive bokversjon av.

Dei tidlegare nettseriane Wisløff har vore med på å lage i NRK Super, har handla mest om vennskap og kjærleik. Da redaksjonen la fram ideen til ein serie som skulle handle om utestenging, var mange skeptiske og meinte det ville bli for mørkt og trist.

– Det har vist seg å vere heilt feil. Det er ekstremt mange som kjenner seg igjen. Det ser vi kommentarfelta, seier Wisløff.

Anne Wisløff har skrive og regissert historier for og om barn sidan 1997, og har vore med på nettsatsinga til NRK Super heilt frå starten. No har ho skrive ein bokversjon av serien Lik Meg. Foto: Beate Haugtrø / NPK. Collage: Framtida.no

Dei kule og taparane

«Lik Meg» handlar om ei klasse i slutten av barneskulen, der Luna som er sjefen i klassa, byrjar å skilje mellom dei kule og taparane.

Oda og Arin har alltid vore bestevenner, men no blir Arin venn med Lunagjengen, og Oda hamnar utanfor. Mange i klassa er med på å stenge ute utan at dei heilt forstår det sjølve. På det verste orkar ikkje Oda å gå på skulen fordi ho ikkje lenger har nokon å vere med.

I sesong ein i serien får vi sjå det som skjer frå Oda og Arin sitt perspektiv. I sesong to blir vi også betre kjente med Luna. I boka får vi vekselvis lese frå Oda og Arin sine dagbøker, og får vite kva dei tenker rundt det som skjer.

Arin (t.v.) og Oda har vore bestevenner heilt sidan dei gjekk i barnehagen. Når Arin blir venner med Luna og gjengen hennar, endrar alt seg. Foto: Svend Even Hærra / NRK

Blir bombarderte

Wisløff har sjølv opplevd å vere utestengt som barn og har søsken som har opplevd det i periodar. Som vaksen ser ho barn som opplever det same.

– Det vart eit viktig tema for meg. Da eg byrja å jobbe med målgruppa, fekk eg så lyst å gå tilbake til dei historiene, seier Wisløff.

Ho trur problemet er mykje verre i dag enn då ho sjølv vaks opp, mykje på grunn av sosiale medium.

– Da eg var lita og følte at alle dei andre hadde det betre og trudde dei andre var så flinke, perfekte og populære, kunne eg iallfall sitte på rommet mitt og drive med mitt og prøve å fortrenge at dei andre hadde det gøy utan meg.

– Men dei som kjenner seg utanfor no, blir bombarderte med kor kule dei kule er, og kor einsame dei sjølve er. Det verkar utruleg stressande – dei får aldri ro. Ungdommane skal alltid oppdatere seg, prøve å verke kule og følgje med. Det verkar heilt forferdeleg, seier Wisløff.

Sjå traileren til først sesong av Lik<3Meg her: 

Isceneset seg sjølve

Ho vil vise barna at ting ikkje er sånn som det ser ut, og håper dei kan sjå seg sjølve frå utsida.

– Dei som er populære, har det ikkje nødvendigvis bra. Dei som står aleine i skulegarden, gjer det ikkje fordi dei ikkje vil vere med å leike, seier Wisløff.

Ho meiner situasjonen har vorte mykje meir ekstrem enn da ho sjølv vaks opp.

– Ungdommane baksnakkar kvarandre til dømes i ein chat, utan at ein skal kunne bli tatt på det. Medan den dei snakkar om, er med på chatten, kan dei skrive «ein viss person er ikkje sånn og sånn». Det er meir slemt, seier Wisløff.

Dei som er populære, har det ikkje nødvendigvis bra.

Ho forklarer omgrep som å «shame» (gjere skam på) og å «blikke». Ein som bestemmer, kan la ein person vere med for at dei vaksne ikkje kan ta dei på å gjere noko gale, men innanfor gruppa kan ein likevel stenge ute personen med blikk eller på andre måtar.

Ho har inntrykk av at «dei populære» bruker mykje tid på å vise at dei er populære og har det kult i staden for å ha det gøy saman med kvarandre.

– Dei driv i aller høgste grad og isceneset seg sjølve. Så sit dei einsame heime og ser dei populære har det gøy.

Anne Wisløff såg heile LikMeg-serien på nytt og las alle kommentarfelt da ho sette i gang med å skrive boka Lik Meg basert på NRK-serien. I boka får vi lese dagbøkene til Oda og Arin og får innblikk i korleis begge venninnene opplever same situasjon. Foto: Beate Haugtrø / NPK

«Dei populære»

Før kvar sesong av Lik Meg har Wisløff og kollegaane reist rundt til skulane og snakka med barn og ungdommar i små grupper for å gjere research. Dei har òg snakka med blant anna lærarar og helsesøstrer. Eit omgrep som gjekk igjen, var «dei populære». Ungdommane tok det på høgaste alvor. Wisløff fortel at det er ein hierarkisk struktur rundt «dei populære».

– Da vi vaks opp, var det òg nokre som var dei kulaste, og nokon som var penast i klassa. Nokre var mobbeoffer eller utanfor. Men alle dei i midtsjiktet var meir avslappa og dreiv med sitt. No higar folk veldig etter å vere blant dei populære.

No higar folk veldig etter å vere blant dei populære

Ho opplever ein tendens i heile samfunnet til at det ikkje er bra nok å vere eit vanleg menneske.

– Du må vere utruleg perfekt og populær og vise verda at du er best. Vi ser det jo på sosiale medium no, med bilde av alle som er på ferie. Det er òg som at livet ikkje har nokon verdi når du ikkje viser det fram. Det startar når ein er barn, men vaksne får òg beskjed frå reklame og sosiale medium om at ein skal optimalisere seg sjølve, seier ho.

Ikkje lykkelegare av å vise fram ferien

Det at nokon tener pengar på at folk er usikre ligg i botn, trur Wisløff. Ho har inntrykk av at folk er villige til å gjere kva som helst for å sleppe å vere usikre. Paradokset er at ingenting hjelper.

– Du blir ikkje lykkelegare av å vise fram ferien din, kjøpe dei rette kleda, og heller ikkje av å sjå andre sine bilde. Ein blir ikkje lykkelegare av å byte ut alt i huset. Vi er så indoktrinerte at ingen forstår at vi er det. Vi er med på det alle saman og barna blir dregne inn i det, seier Wisløff.

Foto: Agnete Brun.