Er du ein av dei som skal flytta til ein ny stad? Hugs at du ikkje er åleine!


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kalenderen viser august, supervarmen har trekt seg tilbake og sommarferien er på hell.

For mange er studiestart like rundt hjørnet.

Kanskje er du ein av dei som skal flytte heimanfrå til ein framand stad?

Har du kome inn på draumestudiet eller kanskje gruar du deg?

Har du kome inn på draumestudiet eller kanskje gruar du deg?

Datoen nærmar seg, flyttekassene hopar seg opp og ambivalensen veks i magen.

Spørsmåla surrar rundt i hovudet. Kjem du til å få vener? Er studiet riktig for deg? Kjem du til å bestå? Du står med startnummeret på brystet og ventar på signalet for at løpet er i gong – klar, ferdig, gå!

Tusenvis av ferskingar

I år har så mange som 99 319 søkjarar fått tilbod om studieplass. Dette er eit rekordhøgt tal med over 1000 fleire enn i fjor.

Mange av desse nesten hundre tusen menneska skal i august flytte til byane og tettstadane som husar dei ulike universiteta og høgskulane landet har å tilby.

Alt er nytt: Gatene, ansikta, luktene, dialektane og etter kvart også kvardagen.

Det kan vere vanskeleg å sjå føre seg at ein skal finne seg til rette i alt det nye og usikre.

Dersom du er ein av dei som skal eller har flytta til ein ny stad – hugs at du ikkje er åleine!

Dei aller fleste er faktisk i same situasjon. Det er eit stort felt som stiller til start i år.

Den gyldne fadderveka

Fadderveka er det fyrste som møter deg når semesteret tek til. Det er ei gyllen moglegheit til å verte kjend med nye menneske og studiestaden.

Likevel er det ikkje sånn at løpet er køyrt dersom du ikkje får delteke på alle desse arrangementa.

Du treng ikkje å stresse med å få bestevener den fyrste veka

Du treng ikkje å stresse med å få bestevener den fyrste veka. Det er mange måtar å kome i kontakt med folk på, også etter studiestart.

Studentforeiningar er eit døme på ein ypparleg arena for danning av nye og gode relasjonar.

Det er likevel lett å føle seg usikker og åleine den fyrste tida. Like viktig som det er å inkludere kvarandre, er det å sjølv vise initiativ til å ville verte kjend med folk.

Set deg ned, heng deg med

Dei færraste har nokon å sitje med eller gå med i starten. Set deg ned, heng deg med – dei fleste vil nok berre verte glade for det! Det kan følast litt tryggare å vere framande saman.

Det er heilt greitt og normalt om du føler deg litt liten

Det er heilt greitt og normalt om du føler deg litt liten, sjølv no når du liksom skal vere så vaksen.

Å kome til ein framand stad, møte andre folk og få flyt på den nye kvardagen kan ta tid. Dette er ikkje ein konkurranse eller eit maraton.

Utdanninga di er DITT løp der du bestemmer farta, vegen og målet.

Kos deg på ferda og lykke til med studiestart!