Færre studentar møter til studiestart fleire stader
Mens søkartala dei siste åra har gått opp, opplever ein del høgskular og universitet at færre møter opp ved studiestart, skriv nettavisa Khrono.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Universitetet i Oslo, Oslomet, Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Agder, Høgskulen på Vestlandet, Nord Universitet og Universitetet i Stavanger har alle opplevd den same tendensen, skriv avisa og viser til «Tilstandsrapport for høgare utdanning» frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku).
- Les også om tala som syner: Ja, det løner seg å klage på karakterane!
Nedgangen for desse institusjonane byrja alt i 2015 og 2016. Studenttalet på NTNU, Høgskulen i Innlandet og Høgskulen i Østfold har derimot vakse kvart år fram til 2018.
Ved Oslomet møtte 4.779 studentar til studiestart i 2018, mot 5.159 i toppåret 2015.
– Det er komplekst, og det er mange årsaker til svingingane. Det kan ha med endringar i arbeidslivet å gjere, eller saker som har vore framme i media om kor sannsynleg det er at ein får jobb eller ikkje, seier prorektor Nina Waaler ved Oslomet til Khrono.

Frå venstre: Selma Songedal (18) og Marie Bjørk Moen (18) veit godt kva dei vil etter vidaregåande, men trur fleire kunne hatt godt av å bruke rådgjevarane på skulen meir.