«Kvifor skal staten framleis bøye seg for kyrkja i eit samfunn som blir stadig meir mangfaldig?»
Eg har personleg opplevd å måtte vaske på skulen, medan vennene mine drog i kyrkja, berre fordi eg ikkje ville vere med på gudsteneste, skriv Stein Phabian Strømme Eide, politisk nestleiar i Humanistisk Ungdom. Han meiner staten må kutte banda til kyrkja.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I 2012 vart det bestemt at vi ikkje skulle ha ei statskyrkje lengre, men i dag er forholdet mellom staten og den norske kyrkja på ingen måte avslutta. Vi kan seie dei er «friends with benefit».
Sjølv om det er over ti år sidan det formelle skiljet mellom stat og kyrkje vart gjennomført, har staten likevel ikkje klart å gi heilt slipp. Når politiet bankar på døra med ein dødsbodskap, er det framleis presten som står ved sida av, sjølv om du aldri har sett ein fot i kyrkja.
Kvifor det, spør du kanskje?
Jo, fordi sjølv om staten offisielt er skild frå kyrkja, betaler den framleis rekningane.
Færre medlemer – aukande støtte
Kvifor skal staten framleis bøye seg for kyrkja i eit samfunn som blir stadig meir mangfaldig? Den norske Grunnlova seier framleis at opplæringa i skulen skal baserast på «kristen og humanistisk arv og tradisjon», men kor mange av oss kjenner eigentleg ei tilknyting til desse kristne tradisjonane?
Det står også i opplæringslova at skulen ikkje skal vere forkynnande, samtidig som skulegudstenester held fram som før.
Eg har personleg opplevd å måtte vaske på skulen, medan vennene mine drog i kyrkja, berre fordi eg ikkje ville vere med på gudsteneste.
Dette er berre ein liten del av biletet. Den norske kyrkja, trass i ein søkkande medlemsmasse, får framleis svært mykje statleg støtte. Dei siste fire åra har kyrkja mista over 200 000 medlemmer, samtidig som Human-Etisk Forbund medlemstala sine har auka med over 60 prosent.
Likevel held staten fram med å gi kyrkja aukande økonomisk støtte. Modellen som visstnok skal sikre likebehandling, endar i realiteten opp med å favorisere kyrkja.
Ikkje likebehandling
Forskjellsbehandlinga mellom den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn strekkjer seg langt utover grunnskulen. Humanistiske samtalepartnarar er nærast ikkje-eksisterande, både i statleg finansierte tenester som Forsvaret, og på universitet der staten ikkje betaler lønna til samtalepartnaren. Kvifor er det kyrkja som skal tilby slike tenester, når mange av oss ikkje deler dens verdiar? Er det verkeleg rett at den einaste personen du kan snakke med etter ei krise er ein som samtidig utfører religiøse ritual?
Dette er ikkje likebehandling. Det er eit system som framleis favoriserer kyrkja på bekostning av reell trusfridom.
Det er på tide å stille spørsmålet: Kvifor må eg, og alle andre nordmenn, leve i eit samfunn som framleis held fast ved kristne verdiar og tradisjonar i dei viktigaste augneblinkane i livet? Med andre ord, kvifor skal kyrkja framleis vere favorittbandet til staten?
Eg bør ikkje vere nøydd til å leve kristent. Eg bør kunne leve i eit samfunn der staten verkeleg er nøytral og behandlar alle trus- og livssynssamfunn likt. Noreg fortener ein stat som respekterer at ikkje alle delar same verdiar. La oss byrje med å kutte banda til kyrkja for godt, ikkje berre på papiret, men også i praksis.