Politikk og samfunn

«Skal vi akseptera at grov vald, ran, og til og med drap, ikkje fører til noka form for konsekvens?»

Førebygging handlar om å gripa inn tidleg, men det krev også konsekvensar, meiner Unge Høgre-politikarane Marwa Shirin (18) og Kitty Theobald Gjerland (17).

Marwa Shirin (18) og Kitty Theobald Gjerland (17)
2. Nestleiar i Trøndelag Unge Høgre og 1. Nestleiar i Agder Unge Høgre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I innlegget sitt hevdar Waris Ahmed, leiar for Sagene AUF, at det å senka den kriminelle lågalderen er urettferdig og lite gjennomtenkt. Men når 13- og 14-åringar øydelegg liv med ran, vald og knivstikking, må vi tora å erkjenna at dagens system sviktar. 

Bundne hender

I 2023 vart det påtaleavgjort 21 800 straffbare forhold gjort av unge under 18 år. Heile 36 prosent av desse var det barn under den kriminelle lågalderen som stod bak.

quote-left

Når politiet står overfor desse lovbrytarane, har dei praktisk talt hendene bunde

quote-right

Når politiet står overfor desse lovbrytarane, har dei praktisk talt hendene bunde. Korleis kan vi forventa at politiet skal gjera jobben sin når dei ikkje eingong kan krevja at desse møter i konfliktråd?

I desember i fjor vart 26 år gamle Faridullah Rahmani knivstukken og drepen på bussen i Bærum. Gjerningspersonen var under den kriminelle lågalderen og dermed vart saka lagd bort. Sidan har den 14 år gamle drapsmannen kunne gå blant oss på gata, som om ingenting hadde skjedd. Dette er realiteten vi må forhalda oss til.

Ahmed snakkar om rettferd, men kvar er rettferda i dette?

Naivt og lite gjennomtenkt

Senking av den kriminelle lågalderen handlar ikkje om å straffa barn for bagatellar – det handlar om kva slags samfunn vi ønskjer oss. Skal vi akseptera eit Noreg kor grov vald, ran, og til og med drap, ikkje fører til noka form for konsekvens viss gjerningspersonen er under 15? 

quote-left

Tvert imot, er det naivt å tru at vi kan venta til dei er eldre før vi grip inn

quote-right

Vidare skriv Ahmed at det er «naivt» og «lite gjennomtenkt» å straffa ungdommar når dei gjer seg skuldig i grov kriminalitet. Tvert imot, er det naivt å tru at vi kan venta til dei er eldre før vi grip inn. Viss det ikkje kjem nokon reell reaksjon frå samfunnet når dei gjer seg skuldig i alvorlege brotsverk, er det meir sannsynleg at dei held fram på same sti. 

Det som faktisk er naivt og lite gjennomtenkt er å la kriminelle sleppa unna utan ein einaste konsekvens.

Konsekvensar

Straff ved kriminalitet handlar trass alt ikkje berre om å rehabilitera eller førebyggja, men også om å skapa tryggleik i samfunnet. Kvar og ein av oss bør kunne stola på at staten tek kriminalitet på alvor, uansett alder. At alle dei som ranar, skader og drep andre, ikkje går fri utan ein einaste konsekvens. Slik er det dessverre ikkje.

Når ungdommar allereie er djupt inne i kriminalitet før dei eingong har fylt 15, er det ikkje noko tvil om at samfunnet har svikta dei. Men for å verkeleg førebyggja kriminalitet må me tora å reagera når det trengst. 

Førebygging handlar om å gripa inn tidleg, og ja, som Ahmed skriv kan det krevja både sommarjobbar, fritidstilbod og betre psykisk helsevern – men det krev også konsekvensar.

Å gjera ingenting er ikkje, og bør ikkje, vera det einaste alternativet.