Rapport: Framleis stor bustadmangel for studentar

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 29.07.2019 10:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser den ferske Studentbustadundersøkinga, som Norsk studentorganisasjon (NSO) står bak. Den nasjonale målsettinga for dekningsgrada er på 20 prosent, men undersøkinga viser at han no er på 14,5 prosent.

Det manglar ifølgje rapporten 14.351 bustader for å nå det nasjonale målet.

– Dei siste seks åra har bygginga av studentbustader vore så høg at 21 prosent av nye studentar har tilgang på studentbustad. Trass i satsinga, har ikkje den nasjonale dekningsgrada endra seg vesentleg, står det i rapporten.

Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Marte Øien. Pressefoto: NSO

Prioritering gir resultat

Det er hovudsakleg auken i nye studentar som et opp satsinga på studentbustader, ifølgje rapporten.

– Sjølv om den totale dekningsgrada nærast står stille, ser vi at prioriteringane til regjeringa av studentbustader gir resultat, seier leiar Marte Øien i NSO i ei pressemelding.

Studenttalet har i perioden 2014 til 2019 vakse med nesten 24.000, medan det er bygd over 5.000 nye hybeleiningar.

– Studentbustader er eit gode for heile befolkninga. Jo fleire som har tilgang til studentbustad, desto mindre blir presset på den private leigemarknaden, skriv NSO i rapporten.

NSO sin nye leiar: – Det er viktig at samfunnet vert meir opptekne av at unge skal høyrast

Ønsker å bygge meir

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) seier det er bra at fleire har fått studentbustad dei siste åra, og ho seier det kjem av satsinga til regjeringa.

– Dei siste åra har det vorte lyst ut rekordmange tilsegn, til over 2.200 nye studentbustader kvart einaste år. Vi ønsker å bygge fleire studentbustader, men det er samskipnadene som søker og bygger dei, seier ho til NTB.

Ho legg til at det er eit omfattande arbeid, men at det blir jobba hardt for å få endå fleire studentar i studentbustader.

Ifølgje NSO er det ikkje nok med innsats frå regjeringa for å nå målsettinga – vertskommunane må òg bidra med tomter til studentsamskipnadene, som på si side må bygge fleire studentbustader.