Studenthybelen til Magnus (21) er ein båt

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Sunnhordland.no.

– Eg har fått bryggjeplass ved den gamle Lerumfabrikken i Sogndal, fortel Magnus Mugaas Hegland.

Det er rett før studiestart, og nedanfor familien sitt hus i Selevik ligg seglbåten og duppar i bølgjene.

– Om lag ein tusenlapp i månaden sparar eg på å bu i båten samanlikna med leilegheit. Og så er det berre ti minutt å gå til skulen frå hamna.

Natur og fjell

I Sogndal skal han studera friluftsliv på Høgskulen på Vestlandet. Som passar midt i blinken for den aktive stordabuen, som også er kjend frå turnmiljøet på Stord.

– Studiane der er ei vidareføring av eit tidlegare semester eg hadde på Bali i Indonesia, og eit semester på Nesna i Nordland, seier Magnus Mugaas Hegland.

Les også: Fleire tusen studentar i bustadkø: – Håplaust å ikkje vite kor ein skal bu

INNREIING: I byssa er det høgt under taket, og meir enn nok plass til å eta middag for ein stor familie. I sommar var dei åtte stykk på segleferie til Danmark og Sørlandet. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

I framtida ser han føre seg ein jobb som forelesar, eller lærar, på ein høgskule eller eit universitet.

– Noko innan friluftsliv eller idrettsfag tenkjer eg det må bli. Men før den tid har eg jo lyst til prøva litt forskjellige ting. Jobba, og reisa litt rundt. Driva med guiding og liknande, held han fram, og fortel at han allereie har søkt om jobb som guide i Flåm i Sogn og Fjordane. Ikkje langt unna Sogndal.

Les også: Line har budd i båt sidan ho var 19: – Som å vere på ferie kvar dag

STUDENT: Magnus Mugaas Hegland (21) seglar til Sogndal for å studera friluftsliv på Høgskulen på Vestlandet. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Kupp på konkurssal

Mange lurer sikkert på korleis ein 21-åring har fått tak i ein 48-fots seglbåt. Ikkje minst korleis han fekk råd til ein. Familien Mugaas Hegland har hatt fleire seglbåtar opp gjennom åra, og under oppveksten hadde også Magnus ei optimistjolle som han lærte seg å segla med. Men etter at deira siste 26-fotar vart seld for nokre år sidan, tok det ikkje lange tida før segle-lysta dukka opp att hos Magnus. Då pappa Håvard Hegland fekk nyss i dette, sette dei seg ned, og byrja å planleggja.

– Me leita etter seglbåtar på nettet. Det tok si tid å finna den rette typen, som hadde rett pris, seier Magnus Mugaas Hegland.

Les også: Kompisar på langtur med seglbåt

Dei la ut kjøpsannonsar på nettet, og etter mykje leiting og venting fekk dei endeleg svar frå eit konkursbu i Narvik. Ein stor og fin 48-fotar.

– Først la me ut eit skambod på 500.000 kroner, og tenkte ikkje meir over det på ei stund. Men så fekk me ein telefon om at ingen andre hadde bydd for båten, seier Magnus Mugaas Hegland.

– Men dei likte ikkje at bodet vårt var så lågt, og var tydelege på at dei ikkje hadde eit ynskje om å selja han til den låge prisen. Med mindre me kunne by litt meir då. Så då baud me 525.000 kroner. Dei vart nok litt sure på oss. Men me fekk båten, humrar den ferske seglbåteigaren.

– Me var jo kjempeheldige, og ordna det også slik at eg betalte 50 prosent av båten. Familien la ut for den andre 50 prosenten, held han fram.

STOR BÅT: Seglbåten «Isbjørn» frå 1998 er 48 fot lang og har ein topp moderne seglrigg. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Dei henta båten i Narvik i fjor haust, og kjøpet var godt det, for taksten viste seg å liggja på heile 1,2 millionar.

– Skroget er frå 1998, men elles er jo alt nesten nytt. Den var rigga for ekspedisjon, med alt av nødvendig utstyr. Radio, plottar, radar, AIS, og naudpeilesendar med meir. Masta var også ny.

Tilbake frå tur til Grønland

– Seglbåten er heilt strålande å segla. Litt småting har det jo vore, som at me skaffa oss ein ny kjøkenbenk, og ny motor. Me har også bytt elektriske leidningar og lys. Me måtte også vaska godt ut av han, for då me henta han hadde ingen vore om bord på halvtanna år, seier Magnus Mugaas Hegland.

Nyleg kom han heim frå ferie på Grønland saman med to kameratar. Og før det var han på segltur saman med familie, onklar og tanter, til Danmark via Sørlandet.

Les også: Ingrid (20) ville studera heime på Stord

GRØNLANDSTUR: Magnus Mugaas Hegland (f.v.), Erik Sande Henriksen og Bersven Røkkum på innlandsisen i sommar. Foto: PRIVAT

– Eg var ei veke med familien i seglbåten, før eg flaug til Grønland med kompisane, som også var med meg til Sogndal ein tur med seglbåten tidlegare i sommar.

– Kva gjorde de på Grønland?

– Me var der i 11 dagar i månadsskiftet juli til august. Først innom ein landsby før me reiste ut til isen, saman med ein guide og ei forskargruppe. Der fekk me sjå kor mykje isen hadde smelta dei seinare åra, før me reiste vidare åleine i ni dagar utan andre folk. Viddene der er ikkje ulikt her heime, og me såg mange ville dyr overalt. Frå reinsdyr til rype, harar, ørn, og moskus. Me var litt vare på moskusen, som har kalvar på denne årstida, seier Magnus Mugaas Hegland – som denne veka er i gang med studiane sine i saftbygda.

Les også: HVL-studentane på Stord blei sendt rett ut i naturen

Fakta: «Isbjørn»