Fleire yrkesfagelevar får lærlingkontrakt

For tredje år på rad aukar talet på lærlingkontraktar for elevar på yrkesfag. Det er likevel store skilnader mellom fylke og fag.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) er nøgd med at førebelse tal frå Utdanningsdirektoratet viser at talet på lærekontraktar aukar for tredje år på rad.

– Det er godt nytt. Det tyder i så fall på at vi slår rekorden frå 2017. Vi treng mange flinke fagarbeidarar i åra framover, og vi vil jobbe for at endå fleire får læreplass i åra som kjem, seier Sanner.

Så langt i år har over 19.000 elevar – 70 prosent av søkarane – fått godkjent lærekontraktar. 790 fleire elevar enn i fjor har fått godkjent lærekontrakt, ein auke på 2 prosentpoeng.

Les også: Norske bedrifter skrik etter handverkarar

Fylkesforskjellar

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

– Vi er på rett veg. Vi har høge søkartal til yrkesfaga, fleire får lærekontraktar og fleire fullfører og består. Men vi må jobbe vidare for at den positive utviklinga skal halde fram. Eg forventar at bedrifter og fylkeskommunar forsterkar innsatsen for å skaffe fleire læreplassar til motiverte ungdommar, seier Sanner.

Det er derimot store skilnader både mellom fylka og dei ulike faga i delen søkarar som har fått godkjent lærekontrakt.

Bygg- og anleggsteknikk er førebels best i klassa med 80 prosent søkarar som har fått lærekontrakt. På media og kommunikasjon er tala førebels berre 43 prosent. Og mens 80 prosent av elevane har fått lærekontraktar i det beste fylket, har berre 60 prosent fått det i det dårlegaste fylket. Fordi det er skilnader i korleis og når fylka registrerer tala sine, er det derimot usikkerheit knytt til desse tala.

– Vi må jobbe målretta for at dei utdanningsprogramma og fylka som ligg lågt, løftar seg, seier Sanner.

Les også: Sjukepleiarutdanninga manglar nok praksisplassar

Fordeler seg likt

Endelege tal på inngåtte lærekontraktar i 2018 blir publisert i januar 2019. Erfaringsmessig aukar delen godkjende lærekontraktar utover hausten. Sanner seier han håpar dei endelege tala vil vise at rekorden frå i fjor vil bli slegen i år.

Ved skulestart i haust hadde meir enn 34.500 elevar fått plass på ei yrkesfagleg utdanning, og for første gong på mange år fordelte elevane seg likt mellom yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram.

Les også: OECD tilrår endringar i yrkesfaga. Elevorganisasjonen er ikkje overraska.