Kan lotteri erstatte karakterar i inntaket til vidaregåande?

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Slik eg oppfattar problema knytte til inntaksordninga, er dei såpass store at vi burde gjere noko. Akkurat kva veit eg ikkje, men eg har prøvd å skissere nokre moglegheiter.

Marianne Nordli Hansen er professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO.

Det seier Marianne Nordli Hansen, professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo. Ho har tatt til orde for å sjå på lotteri og/eller kvotering etter ferdigheit som element i ein ny inntaksmodell. Geografisk opptak er ei mindre god løysing, fordi Oslo er ein veldig sosialt delt by.

Lotteri og kvotering

Hansen strekar under at dette ikkje er endelege framlegg, men idear som ein bør diskutere vidare.

Lotterimodellen kan fungere slik at ein søker på tre skular i prioritert rekkefølge. Alle får plass om det er fleire plassar enn søkarar. Om det er for få plassar må ein sette i gang eit lotteri.

– Den som vinn får gå der, medan den som taper må sendast til sitt andre alternativ eller eventuelt eit nytt lotteri på skule nummer to, seier Hansen.

Kvoteringa kan fungere slik at ein skule skal ha så og så mange elevar med ulike karakterar, til dømes skal 20 prosent ha eit snitt på karakteren fem, 20 prosent eit snitt på karakteren fire, og så vidare. For kvart prestasjonsnivå må ein trekke kven som kjem inn om det er for mange søkarar.

Førsteval treng ikkje vere førsteval

Kvifor skal ein gjere noko med inntakssystemet når nær alle elevane kjem inn på førstevalet sitt?

For skuleåret 2017-2018 kom 89,3 prosent av Oslo-elevane inn på førstevalet. Det er på tredjeplass i landet, bak Vestfold (90) og Vest-Agder (89,5), og godt over landssnittet på 85,7 prosent.

Bak dette talet ligg gjerne heilt andre prioriteringar enn elevane sine eigentlege førsteval, meiner Hansen. Ho teiknar eit bilde av svært målretta elevar som heile tida prøver å gjere dei rette vala:

– Elevane rotar ikkje med å søke på skular dei ikkje kjem inn på, for då risikerer dei å hamne på ein skule dei i ikkje vil gå på, seier ho, og forklarar at elevane sine val er del av ein lang prosess på skulen. Dei siktar seg inn på den skulen dei kan komme inn på. Lat oss seie at ein elev har karakteren 4, då søker ikkje denne eleven på Elvebakken.

– Elitistisk orientert

Resultatet, seier Hansen, er at vi får skular som ikkje berre er delt etter dei som presterer best og dei som presterer dårlegast, men også dei som presterer midt på treet.

– Systemet har fleire dårlege sider enn at problemelevar blir samla, slik Simon Malkenes er opptatt av, seier Hansen og forklarer:

– For elevar som hamnar i ein klasse der alle har fire i snitt, er det ingen som trekker oppover. For dei elevane som går i klassar med berre høge karaktersnitt, kan ein oppleve endå sterkare karakterjag, konkurranse, karakternedgang og depresjon. Om ein berre er saman med folk på same prestasjonsnivå, kan ein også bli veldig elitistisk orientert og få mindre forståing for variasjonar, seier Hansen.

Opnar for ny ordning

Edvard Botterli Udnæs er nyvald leiar i Elevorganisasjonen i Oslo. Foto: Privat

Førre veke intervjua Framtida.no dåverande leiar i Elevorganisasjonen i Oslo (EO Oslo). Då meinte EO Oslo at det ikkje finst gode alternativ til fritt skuleval og karakterbasert opptak. Rett før helga var det årsmøte og nyval. Fritt skuleval var eitt av temaa som kom opp.

Framlegga om lotteri og kvotering vart ikkje diskuterte konkret, men Hansen sine idear var godt kjende.

– Vi meiner framleis at fritt skuleval er det beste alternativet til no, men vi vedtok å vere opne for å sjå på nye moglegheiter. Vi vil ha ei veldig pragmatisk haldning til inntakssystemet, seier nyvald leiar Edvard Botterli Udnæs.

EO Oslo er opptatt av at elevane skal ha moglegheit til å velje, og ønsker eit mest mogleg fritt og rettferdig system. Dei er redde for at dei meir tilfeldige resultata av lotteri og kvotering vil gjere systemet mindre rettferdig.

– Vi ønsker oss ein modell der flest mogleg elevar kjem inn på den skulen dei vil.

– Men er det valet reelt med dagens system, om ein ikkje vågar å søke seg til den skulen ein eigentleg vil til?

– Vi er veldig klar over at det er ei problemstilling, men vi veit ikkje om det løysast av lotteri og om vi då får det så fritt som vi vil ha det.

Skuleprofil og verdisyn

Mykje av fridommen handlar om å velje ein skule som har ein profil som passar eleven. Hansen viser til ny forsking basert på intervju med elevar på Oslo katedralskole og Oslo handelsgymnaisum. Konklusjonen er at elevmassane er veldig ulike, ikkje berre med tanke på karakterar, men også verdiar. Også Udnæs meiner at profil, skulemiljø og identitet er viktig for valet av skule.

– Kan ikkje ein elev med lågare karakter ha samme interesser og passe inn i miljøet med andre som søker seg til slike skular?

– Det trur eg nok, og som sagt er vi opne for nye moglegheiter, men eg trur ikkje det blir større grad av valfridom, seier Udnæs.

– Vår skulekvardag

Han er einig med Hansen i at ein bør sjå på systemet, og synest det er bra om det no blir sett ned eit utval som skal sjå på ordninga, slik skulebyråd Inga Marte Thorkildsen (SV) har sagt. Udnæs meiner likevel elevane bør få det siste ordet:

– Det er vår skulekvardag og vi må ha mest å seie.

– Om elevane skal bestemme, kan ein då klare å komme fram til noko som går utover moglegheita til å velje fritt?

– Eg trur ikkje elevane meiner karakterbasert inntak er perfekt, men vi må finne ein betre modell om vi skal fjerne den gamle.

– For å ha rett til medverknad, bør ein ikkje då jobbe for å finne eigne endringsforslag i staden for å vente på at andre sine forslag skal bli gode nok?

– Definitivt, men det betyr ikkje at vi skal godta det første forslaget som kjem. Vi burde vere med på å undersøke kva alternativ som er best.