Arbeidarpartiet vil auka bortebuarstipendet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det handlar om at ein skal ha like moglegheiter til utdanning uansett kvar du bur og kva utdanning foreldra dine har, seier 1. nestleiar i AUF i Vestland, Egil Natvik Vestrheim til Framtida.no.

Kjempar for stipendet

På Ap-landsmøtet førre helg fekk han gjennomslag for ei av hjartesakene sine. Partiet gjekk inn for auke i bortebuarstipendet, større satsing på studenthyblar og ein desentralisert skulestruktur.

Då Høgre og Frp i 2017 gjekk inn for å auke krava til bortebuarstipend frå 40 til 6 kilometer, tok Vestrheim til motmæle.

Akkurat kor stor auke i bortebuarstipendet Arbeidarpartiet går inn for har dei ikkje fastsett. Natvik lovar å jobba vidare med saka.

I dag er bortebuarstipendet på 4.437 kroner i månaden. Vestrheim meiner det er for lite til å dekkje buutgiftene for dei fleste.

Snakkar av erfaring

AUF har òg vedtatt å endre krava om reisetid frå tre timar til to timar og vil at fylkeskommunen skal få ansvaret for å avgjere sakene og utføra skjønn.

– Ein skal ikkje bruke fleire timar kvar dag på buss, då mister du mykje tid og energi som du kunne brukt på andre ting. Eg pendla i fjor, så dette veit eg, seier Vestrheim.

Ungdomspolitikaren pendla nemleg til Sogndal vidaregåande skule.

Han meiner det er ekstra viktig med eit desentralisert skuletilbod slik at 16-åringar slepp å flytte heimafrå.

Les også: Det blir ikkje ein tredje sesong av «Lovleg»

Feirar skulemat

Elles er Vestrheim aller mest nøgd med gjennomslag for skulemat i grunnskulen.

– Det handlar om å sikre alle eit måltid i skulen, slik at det ikkje vert eit klasseskilje der nokon møter opp på tom mage og ikkje klarar å konsentrere seg.