«Transpersonar som bur i USA blir utsette for menneskerettsbrot»
– Denne dagen hyllar og minner menneske som har blitt mobba, trakassert og drepne for kven dei er, skriv Alex Olai.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Den 31. mars vert transsynlegheitsdagen markert i heile verda. Eg tykkjer at dette er ein dag som høver meir merksemd.
Transsynlegheitsdagen er ei markering dedikert til å feire transpersonar og auke bevisstheit om diskrimineringa som transpersonar over heile verda står ovanfor kvar einaste dag, og ei feiring av deira bidrag til samfunnet.
Denne dagen hyller og minner menneske som har blitt mobba, trakassert og drepne for kven dei er.
Ein av mange grunnar til at det er ekstra viktig å markere 31. mars i år, er at transpersonar som bur i USA blir utsette for menneskerettsbrot. Desse menneska blir sett ned på, og rettane deira vert stadig tatt frå dei, no hyppigare enn før.
I USA er det ein president som ikkje nøler med å innskrenke skeive eller transperson sine rettar. Med Trump ved makta, vert det sett i stand nye reglar som har gjort at fleire transpersonar har blitt nekta å få utlevert pass, og helsepersonell kan nekte å praktisere standard helsehjelp på skeive pasientar.
Dette er ein kamp som vert kjempa i heile verda, og det er minst like viktig å førebygge i Noreg.
At transpersonar sine rettar vert innskrenka er ei utfordring for heile den skeive bevegelsen, for dette går imot dei grunnleggjande prinsippa at alle vert født likeverdige.
Dette kan me ikkje finne oss i. For i 2025, burde alle bli sett og høyrt uansett hudfarge, religion, seksuell legning, eller kva politisk parti dei held med.