Salet av vegetarprodukt skyt i vêret: – Interessa aukar særleg blant dei yngre

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste åra har vegetarutvalet i norske butikkar vorte stadig meir variert. Med grillsesongen godt i gang vel mange nordmenn å kjøpe vegetaralternativ til dei sedvanlege kjøttburgarane.

I sommar har daglegvarekjeda Menys sal av ferske vegetarburgarar nesten dobla seg frå same periode i fjor – med ein auke på 93 prosent i perioden mai til juli.

– Etterspørselen frå kundane etter vegetarprodukt har absolutt auka. Vi ser òg at interessa aukar særleg blant dei yngre, seier marknadskoordinator Nina Gjerdrum i Meny til NTB.

– I takt med auka etterspørsel ønsker vi å ha eit stadig breiare utval, med eit stort og relevant tilbod. Vi ønsker å vere tidleg ute og jobbar òg mykje med å tilgjengeleggjere produkta for kundane våre ved å ha eigne vegetardiskar, seier ho.

Kommunikasjonssjef i Coop, Harald Kristiansen. Foto: John Terje Pedersen

Vegetarboost hos fleire

Trenden viser seg også hos andre daglegvarekjeder, som ser ein kraftig auke i salet av vegetarprodukt. Coop har hittil i år selt over 2,2 millionar vegetarburgarar – ein auke på 50 prosent frå same periode i fjor.

– For tre år sidan lanserte vi Coop Vegetardag på bakgrunn av auka etterspørsel etter vegetarprodukt. Den sommaren selde vi faktisk fleire vegetarburgarar enn vanleg burgarar, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop til NTB.

– Vegetarhyllene våre vil bli breiare og meir variert så lenge kundane våre ønsker det, fastslår Kristiansen.

Også Rema 1000 melder om ein solid oppgang i vegetarsalet sitt. Daglegvarekonsernet opplyser til NTB at salet av ferske kjøtterstatningar har hatt ein vekst på nær 30 prosent hittil i år samanlikna med same periode i fjor.

Framtida.no har spurt norske kommunar om dei vil kutta i kjøttet: – Overraskande at dette ikkje søkk inn

Burger er ikkje lenger synonymt med kjøt. Stadig fleire legg vegetariske alternativ på grillen. Foto: Deryn Macey, Unsplash.com

Blir selt mindre raudt kjøtt

Samtidig som salet av vegetarprodukta aukar, stagnerer salet av raudt kjøtt.

Så langt i år har det vorte selt 668 tonn mindre raudt kjøtt enn i same periode i fjor. Nedgangen frå januar til midten av juni i år ligg på 4,1 prosent, skriv Dagsavisen.

Tala er henta frå analyseselskapet Nielsen og gjeld sal i daglegvarefirmaa Norgesgruppen, Coop, Rema 1000 og Bunnpris.

Nordmenn flest har rett nok framleis kjøtt godt integrert i kosthalda sine – 92 prosent av Noregs befolkning et kjøtt kvar veke, ifølgje Matprat, som er kommunikasjonsorganet til Opplysningskontoret for egg og kjøtt.

Les også: Rapport: Dagens kjøttindustri blir utkonkurrert innan 2040

Ikkje fleire vegetarianarar

Sjølv om salet av vegetarprodukt skyt i vêret, ser ikkje delen vegetarianarar ut til å auke i befolkninga.

SIFO-forskar Annechen Bahr Bugge fortel at fleire reduserer kjøttforbruket. Foto: Oslomet

– Delen har lege på rundt 3 prosent i mange år. Det folket derimot gjer stadig meir av, er å redusere kjøttmengda når dei lagar tradisjonelle kjøttretter, seier forskar Annechen Bahr Bugge ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO på Oslomet til NTB.

Bugge har forska på nordmenns kjøttfrie etevanar. Ho meiner at den viktigaste årsaka til at folk stadig oftare vel bort kjøtt er omsyn til eiga helse, men at også klima og dyrevelferd er viktige faktorar.

– Dei som vel bort biff og raudt kjøtt, oppgir klimamessige årsaker, medan pølser handlar meir om helse. Mange oppgir at dei ikkje et lam og fårekjøtt fordi dei ikkje liker smaken, forklarer ho.

– Kvitt kjøtt er det som flest opplever som minst problematisk å ete. Folk ser på det som eit meir sunt og klimavennleg alternativt. Om det er riktig eller sant, er ikkje opp til meg å bedømme, men det er i alle fall meininga til forbrukarane, seier Bugge.

Les også: Stadig fleire ønsker å kutte ned på kjøtforbruket og vil gje barna sine mindre kjøt. Kan barn vere vegetarianarar?

Silje Haukenes Stavestrand vil redusere kjøtinntaket av miljøomsyn. (Bilde av barnemat frå Flickr/CC BY 2.0)