Elise Løvereide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan barn eigentleg vere vegetarianarar?

 

Olea (4) får stundom vegetarisk mat.

Silje Haukenes Stavestrand er tobarnsmor og doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Bergen. Ho ønsker å redusere bruken av kjøt i kvardagen og har gitt borna sine ein tilpassa vaksenmiddag frå dei var seks månadar gamle.

Familien er ikkje vegetarianarar, men til liks med mange andre vil dei kutte ned på kjøtet av miljøomsyn.

Vi har ikkje kjøpt middagsglas til ungane. Utanom tilpassa middagsmat, har dei fått havregraut, brødskiver eller grautpulver som vi blandar med morsmjølk eller fruktmos, fortel ho til Framtida.no.

Ifølge Norsk Helseinformatikk er det trygt å gje barn vegetarmat, så lenge kosten er velbalansert. Tanja Kalchenko, legen bak bloggen Vegetarlegen, skriv på bloggen at det er brei semje om at korrekt samansett vegetarkost er eigna i alle aldrar, og at slik kost dessutan kan gje helsefordelar.

Stavestrand trur på forskinga som seier at ein vegetardiett er trygg for barn.

Ja, eg trur det er trygt. Viss ikkje hadde vi heller ete meir kjøt.

– Ekspertar var meir varsame før

Fleire aviser har skrive om korleis vegetarianisme og veganisme har auka i Noreg dei siste åra. Du får no kjøtfri ferdigmat, vegetarpølser og vegetarhamburgar på butikken eller i nærmaste kiosk.

Men barnematen på boks, ikkje minst maten på barnemenyar, er sjeldan kjøtfrie.

For det meste er det eit godt utval av barnemat i butikken, særleg når det gjeld smoothies. Men blant tilbodet på middagsmat er det få vegetariske tilbod, meiner Stavestrand.

Maiken Walle er ernæringsfysiolog, kurshaldar og driv bloggen Sunnstart. Ho publiserer jamnleg oppskrifter for mat til barn i ulike aldrar. Walle fortel at ernæringsekspertar tidlegare var meir varsame med å tilråde vegetarisk kosthald til dei yngste borna.

I dag veit vi at eit vegetarisk kosthald absolutt er fullverdig, også for dei aller minste. Ein bør likevel lese seg godt opp på tilrådingane frå Helsedirektoratet, sidan spedbarn har litt andre ernæringsbehov enn oss vaksne.

Betre i Sverige

På spørsmålet om vegetartilbodet til barn er tilstrekkeleg, svarer Walle at dei store produsentane tilbyr vegetariske alternativ. Både hos Nèstle og hos Hipp kan du få lasagne, pasta og grønnsaksgryte som vegetarrett.

Eg har likevel eit inntrykk av at dei har eit breiare tilbod i Sverige når det gjeld vegetarisk babymat. Men ferdigprodukta her til lands har eit godt innhald. Produkta i Noreg er gode og trygge, og det er ikkje farleg å gje babyar mat frå glas.

Ernæringsfysiologen og bloggaren tilrår likevel folk å lage babymaten sjølv.

Då får du nytte dei råvarene du ønsker, og det er enklare å ha kontroll på kva barnet får i seg. I tillegg er det billegare og meir smaksrikt. Dei som ikkje lagar barnematen sjølv bør variere mest mogleg mellom ulike variantar av ferdigmat. I tillegg bør dei tenkje over inntaket av jern, seier ho.

– Ikkje så vanskeleg

Silje Stavestrand trur ikkje vegetarisk og miljøvenleg barnemat treng å vere så vanskeleg.

Både Hipp, Änglamark og Ellas kitchen har økologiske alternativ. Eg har også inntrykk av at middagsmat til babyar kun er aktuelt i ein kort periode for dei fleste.

– Korleis reduserer de sjølv kjøtinntaket?

Eigentleg berre ved å lage meir mat utan kjøt, men med bønner eller linser i staden. Kjøtet spelar sjeldan hovudrolla i måltida. Ei vanleg middagsveke trur eg ser ut som hos mange andre, med for eksempel tomatsuppe, fiskekaker, pizza, taco, fiskegrateng, lapskaus, pannekaker og så vidare. Vi passar på å ha med grønnsaker, seier ho.