Veldig auke i salet av vegetarprodukt det siste året
Fleire av dei store daglegvarekjedene i Noreg opplever ein veldig vekst i salet av vegetarprodukt.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Veldig auke i salet av vegetarprodukt det siste året
– Både tilbodet og salet av vegetariske produkt har hatt ein kraftig auke det siste året. Spesielt i 2017 blei det lansert veldig mange nye vegetariske og veganske produkt, seier kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen til Nationen.
Norgesgruppen har det siste året opplevd ein vekst på 21 prosent i salet av djupfrosne vegetarprodukt, medan auken har vore på heile 127 prosent i salet av ferske vegetarrettar.
Også Coop melder om ein veldig auke i salet av vegetarprodukt.
Les også: Vil vi verkeleg ha propaganda for kjøtindustrien i skulen?