Forskarar fryktar at strender i Noreg kan bli borte
Forskarar spår at mange strender i Noreg kan bli betrakteleg mindre fram mot hundreårsskiftet. Enkelte kan bli heilt borte.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Basert på det utsleppet vi har av klimagassar, ventar vi ein auke i havnivået på 80 centimeter til opp mot ein meter på global basis dei neste 100 åra, seier forskar Halfdan Kierulf ved geodivisjonen i Kartverket til NRK.
80 centimeter høgare havnivå
Prognosane frå Kartverket tek ikkje høgde for om dei store ismassane på Grønland og i Antarktis skulle kollapse.
– Viss dei skulle kollapse, snakkar vi om vesentleg høgare tal, kanskje opp til mange meter, seier Kierulf.
I Noreg vil havnivåstigninga ramme strender på Vestlandet og i Lofoten hardast. Strendene på Austlandet er godt stilte på grunn av høg landhevning innerst i Oslofjorden.
– Rundt norskekysten forventar vi at havnivået vil stige med rundt 80 centimeter i dei ytste områda, som Lofoten. Og minkande til 50 centimeter i område som Narvik og Mo i Rana, der ein har større landsheving.

Forskar Kristian Breili og matematikar Oda Roaldsdotter Ravndal frå Kartverket har vore med å utvikla ei ny teneste frå Kartverket som lar deg sjå konsekvensane av auka havnivå. Her er i Bergen kan over 2700 bygningar bli overflødde med 20-årsstormflo i 2090. Foto: Synne Storvik, Kartverket