Halvveges til målet om vern av skog

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Samla norsk skogareal er av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) oppgitt til cirka 122.000 kvadratkilometer. Det vedtekne målet om 10 prosent skogvern svarar ut frå dette til vern av om lag 12.200 kvadratmeter skog, skriv miljøminister Ola Elvestuen (V) i eit brev til Stortinget.

Han peikar på at status per januar 2019 er at det er verna omkring 5.800 kvadratkilometer skog.

– Følgjeleg står det att vern av om lag 6.400 kvadratmeter skog før målet om 10 prosent skogvern er nådd, skriv Elvestuen.

Målet om å verne 10 prosent skog frå Jeløya-plattforma frå i fjor vart vidareført i Granavold-plattforma, som nyleg vart klar.

Det var Senterpartiets Geir Pollestad, som er leiar av næringskomiteen på Stortinget, som utfordra Elvestuen i spørsmålet om skogvern.

Les også: – Vi klarar ikkje å redusere klimautsleppa utan regnskogen