Yrket mitt: Maja (27) er ambulansearbeidar

«113»-profilen Maja Christine Oskal startar arbeidsdagen med rapport og sjekk av bilen, utover det er ingen dagar like.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 06.05.2019 08:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

27 år gamle Maja Christine Oskal frå Balsfjord i Troms har denne våren vorte eit kjent andlet for norske tv-sjåarar gjennom dokumentarserien «113» på NRK.

Ambulansefag på vidaregåande har fått ein betydeleg oppsving denne våren med 20 prosent fleire søkjarar på landsbasis, noko fleire gjev serien delar av æra for.

Som høgare utdanning har paramedisin eller paramedic har vore eit populært utdanningsval dei siste åra. Tal frå Samordna opptak viser at paramedisin ved Universitetet i Stavanger på 18. plass når det kjem til tal førstevalssøkjarar. Òg ved Oslomet er det i år igjen rift om studieplassane i prehospitalt arbeid – paramedic.

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Ingen dagar er like, du møter mange forskjellige menneske med forskjellige bakgrunnar og problemstillingar. Det gjer det interessant. Du kjem veldig tett innpå menneske samstundes som du veks på mange måtar i dette yrket.

– Svarte yrket til forventningane?

Ja, absolutt.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

For meg blir det rart å kalle det for ein vanleg arbeidsdag i ambulanseyrket, fordi ingen arbeidsdag er lik og vi jobbar turnus. Vi startar dagen med rapport og sjekk av bilen, eller vekevask. Utover dette er det daglege gjeremål som vi utfører, som til dømes vask av garasje. Vi har forskjellige gjeremål kvar dag. Ved vaktslutt vaskar vi bilen, fyller på utstyr og gjer bilen klar til neste vaktlag.

Maja Christine Oskal (til venstre) og kollega Maja Louise Lauritsen viser fram arbeidskvardagen sin i NRK-serien «113». Foto: Ingun Mæhlum/NRK

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

Ja.

– Kva er det beste med jobben?

Det beste med jobben er å kunne hjelpe dei som har behov for det og takksemda dei gjev tilbake. Det betyr mykje.

– Kva er det mest utfordrande?

For meg er det å følgje pasientar som har ein sjukdom som ikkje kan kurerast til sin siste kvilestad.

– Kven passar yrket for?

Som ambulansearbeidar må du kunne jobbe i team, må kunne ta ansvar og vere flink til å kommunisera, vere audmjuk og vise og gje omsorg.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

Vere motivert og interessert i yrket.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb? 

Det å kunne gjere ein forskjell mellom liv og død.

Er ikkje ambulansearbeidar noko for deg? Les svara frå Dagbladet-journalist Ane Muladal som har laga Innafor-dokumentaren «Min onkel – torpedoen»: 

Daglbladet-journalist Ane Muladal har altid vore nysgjerrig. Foto: Sigrid Winther / NRK

 

 

 

Fakta

Namn: Maja Christine Oskal

Alder: 27

Frå: Balsfjord Sagelvvatn

Yrke: Ambulansearbeidar

Utdanning: Helsefagarbeidar, Ambulansearbeidar og spesialisering innafor rus og psykiatri