Mange barn kontaktar Røde Kors om kroppspress

Kvar fjerde førespurnad til Røde Kors' samtaleteneste kjem frå barn og unge som ikkje er fornøgde med eigen utsjånad og opplever kroppspress.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala for samtaletenesta Kors på Halsen omfattar vår- og sommarmånadene. Hittil i år har 18.000 barn og unge tatt kontakt, ifølgje tala for andre kvartal.

– Mange av desse samtalane, som også føregår i diskusjonsforumet vårt, handlar om at barn og unge er misnøgde med sin eigen kropp og at dei trur at alt hadde vore perfekt viss dei hadde vore betre trent, penare eller slankare, seier Nelli Kongshaug, leiar for Kors på Halsen.

– Det blir meir fokus på kropp i samtalane på våren og sommaren, sidan årstida vi er inne i no, ofte inneber lettare klede, shorts, toppar og badetøy, held ho fram.

Auke frå år til år

Dei fleste samtalane og førespurnadene frå barn og unge handlar om psykisk helse, relasjonar til jamaldrande og kropp. Talet på førespurnader aukar for kvart år, opplyser Røde Kors.

– Kroppspress og usikkerheit rundt eigen kropp utgjer 26 prosent av alle innlegg. Det viser at vi vaksne har ei stor oppgåve med å fortelje barna våre og unge at dei er gode nok som dei er, og å vere bevisst på korleis barna blir påverka mellom anna gjennom sosiale medium, seier Kongshaug.

Trening og kosthald

Ein av fem samtalar dreier seg om trening og kosthald. Gjennomsnittsalderen blant dei som tar kontakt, er høvesvis 14 år for jenter og 15 år for gutar.

– Fleire av dei er redde for å legge på seg, og dei tar kontakt for å spørje kva dei kan gjere for å ete sunt, samtidig som dei ønsker å bygge musklar eller gå ned i vekt. Røde Kors ser alvorleg på at barn og unge er så opptatt av utsjånad at det overskygger mykje anna i livet, seier Kongshaug.

– Mange forventar at eigne kroppar skal følgje ein mal, og at dei er mislykka viss dei ikkje klarer å passe inn i denne malen, seier ho vidare.

Ingeniørstudentane Emma Reinholdsson og Hannah Carlbom har utført scanning av frivillige, målt opp utstillingsdokker og 3D-printa meir realistiske alternativ. Foto: Privat