Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange lurer på om eg er feminist, og om det er derfor eg gjer det. Altså, eg er feminist, men i mitt tilfelle er ikkje det å la vere å shave noko statement, seier Dona Johannessen.

26-åringen fortel at det ganske enkelt er eit resultat av latskap at ho let håret vekse.

For rundt tre år sidan hadde ho ei pause frå datinglivet, då stoppa ho å barbere seg, og har etter dette ikkje hatt behov for å starte med hårfjerninga igjen.

Johannessen har ikkje fått stygge kommentarar, men heller spørsmål om kvifor ho ikkje barberar seg.

Hår med meining

Heile menneskekroppen er dekt av hår, med unntak av handflata og under føtene. Kvinner og menn har like mykje hår på kroppen, sjølv om det ikkje alltid verkar slik. Mange kvinner har over lengre tid valt å fjerne store delar av kroppshåra sine.

Foto: Billie / Unsplash

Vi har to typar hår på kroppen.

Vellushår dekker største delen. Desse er mjuke, kortare, ikkje-pigmenterte hår. På hovudet, augebryna og augevippane har vi terminalhår som er lengre, tjukkare og pigmenterte hår.

Gjennom puberteten vil vellushåra somme stadar endre seg til terminalhår, dette skjer i armhola og underlivet. Og hos menn også i form av skjegg.

Håret på hovudet beskyttar mot UV-strålar, augnebryna beskyttar auga mot sveitte frå panna, augnevippene held støv borte, nasehår avverjar infeksjonar, hår i øyret forsvarer trommehinnene, og hår i intimsoner og armholer skil ut feromoner for å tiltrekke seg ein partner. Ikkje minst er håra på kroppen temperaturregulerande, og med på å halde kroppen reinare.

Tusenvis av år utan hår

Ein kan finne spor av hårfjerning heilt tilbake til 3000 år f.v.t i Egypt der kvinner barberte hovuda og underliva sine.

Den moderne hårfjerningstradisjonen kan sporast tilbake til Charles Darwin si bok, Descent of Man (1871), om seksuell seleksjon. Darwin meinte at grunnen til at homo sapiens har mindre hår enn sine stamfedrar, er at mindre hår er meir seksuelt attraktivt, og at det derfor er dei med mindre hår som får seg ein partnar og har moglegheit til å reprodusere.

Allereie tidleg på 1900-talet var det fleire kvinner som assosierte glatt, hårlaus hud med feminitet. Og i løpet av dei neste tiåra skulle blant andre moteindustrien spele på kvinners rolle som forbrukarar for å få solgt hårfjerningsprodukt.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

#drama #armpit

Et innlegg delt av Amandla Stenberg (@amandlasponsored)

 Frå glattbarbert til naturleg busk

I dag er det fleire som vel å la håret vekse fritt. På instagram kan ein sjå kvinner som stolt viser fram sin naturlege hårvekst. Nokre fargar også håret under armane i ein sterk farge for at det skal synast betre.

Sexolog og Juntafil-programleiar Tuva Fellmann tolkar det som eit motsvar til skjønnheitsideal som har regjert i mange år.

– Fleire ønskjer å bryte med skjønnheitsbiletet og kjønnsbiletet. Noko som er ekstremt kult! Nokon gjer det også rett og slett fordi dei synest det ser fint ut. Ein kan også sjå det ved at fleire kvinner går frå å vere glattbarbert på tissen til å ha ei meir naturleg busk, seier Fellmann.

I NRK P3-serien Juntafil snakkar dei opent om seksualitet, kropp og følelsar. Dei får mellom anna spørsmål om korleis ein skal fjerne håret på best mogleg måte, korleis ein skal unngå nuppar og sårheit, og om ein fjerne håret.

– Eg, for eksempel, barberte meg mykje meir før, men ikkje like mykje no lenger. Eg trur det er litt det same som med sminke: At ein ofte startar med mykje, for så å trappe litt ned etterkvart, og til slutt finne den forma som passar best for ein sjølv, forklarar Fellmann, som er oppteken av at ein skal gjere det ein føler seg mest vel med.

Sexolog og Juntafil-programleiar Tuva Fellmann får mange spørsmål om hårfjerning. Foto: Kim Erlandsen/NRK

Kroppshår er ikkje «æsj»

Fellman trur hårfjerninga både handlar om velvære, men også sette samfunnsstrukturar.

– Det har ikkje vore vanleg å vise kroppshår på kvinner, så derfor ligg det langt inne hos mange.

Eit eksempel på dette er reklamene for hårfjerning, der ein ser kvinner som barberer ferdigbarberte leggar. I 2017 vart til dømes Gillette Venus nominert til Gullbarbie for nettopp dette paradokset.

Fellmann meiner det hadde vore fint om vi gjorde ein innsats for å gjere kroppshår meir normalt. Om alle tar eit tak, og ikkje «shamer» dei som let barberhøvelen ligge, vil dette bli bra. Noko ein skal stoppe med med ein gong er å seie «æsj» eller at «kroppshår er ekkelt», seier Fellman.

Ingen grunn til å unnskylde

Også Dona Johannessen anbefaler folk å gjere det ein er komfortabel med, og synest det er trist at mange meiner det er ekkelt med kroppshår.

Korleis vi snakkar om kroppshår og korleis media framstiller det har mykje å seie for yngre generasjonar. Ein burde ikkje bli pressa til det eine eller andre, meiner 26-åringen.

Ho synest det er synd at fleire jenter seier unnskyld om dei ikkje er ny-barberte før sex.

– Dette er ikkje noko å skamme seg over, og i alle fall ikkje noko å ha dårleg samvit for. Ein bestemmer over eigen kropp, og ein skal ikkje seie unnskyld for vala ein har tatt, avsluttar Johannessen.

Les også om Maria som mista håret på grunn av alopecia: – Folk har ropt til meg på gata 

– Det er sjølvsagt dagar då eg skulle ynskje at eg skilte seg mindre ut, seier Maria Saxegaard, som fekk diagnosen alopecia som 19-åring.

– Det er sjølvsagt dagar då eg skulle ynskje at eg skilte seg mindre ut, seier Maria Saxegaard, som fekk diagnosen alopecia som 19-åring.