Bruker ekte kroppar som modell for utstillingsdokker

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Berre 0,04 prosent av kvinnene stemte overeins med hoftemålet til utstillingsdokkene. Det skapar skuffelse og frustrasjon når ein er så langt ifrå idealet, seier Johanna Jansson.

Ho jobbar ved Høgskulen i Halmstad og er initiativtakar og prosjektleiar for eit prosjekt som tek sikte på å få slutt på det urealistiske kroppsbiletet til utstillingsdokker.

Saka er tidlegare omtala av svenske SVT.

Å produsera ei av dei naturlege utstillingsdokkene kostar omlag 4000 kroner. No jobbar prosjektet med å få prisen ned. Foto Privat

Først til Lindex

I prosjektet, som vert gjennomført ved Fab Lab, har to ingeniørstudentar scanna kroppane til 60 vanlege kvinner og menn.

Personane som har delteke er i ulike aldrar, korte, lange, overvektige og undervektige. Dei har både flate bryst, silikonpuppar, kraftige lår og bilringar.

Denne sommaren skal dei tre første 3D-printa utstillingsdokkene vere klare for å stillast ut i ein lokal Lindex-butikk.

Lindex får låne dei tre første dokkene fordi dei var raskast ute med å klarere det med leiinga. No jobbar prosjektleiaren vidare med å finne billigare og betre produksjonsmetodar slik at dokkene kan bli attraktive å kjøpa inn for fleire.

Prosjektleiar Johanna Jansson fekk ideen til prosjektet etter å ha sett SVT-programmet «Kroppshets». Foto: Privat

– Alt er vakkert

Nyleg tok MinMote kontakt med ei rekke norske kjedebutikkar for å få måla på utstillingsdokkene. Høgda var frå 176-186 cm og midjepartiet heilt nede i 63 cm. Til samanlikning er ei norsk kvinne omlag 165 cm høg.

Doktorgradsstipendiat ved Noregs Idrettshøgskule, Kethe Engen, forklarar til MinMote at hadde dokkene vore ekte personar hadde dei vore på grensa til undervektige med ein veldig låg kroppsmasseindeks (BMI).

Det svenske prosjektet tek sikte på å påverka bransjen slik at utstillingsdokkene i større grad speglar realitetane og mangfaldet av kroppar. Jansson trur at meir realistiske utstillingsdokker kan gjere oss meir tilfredse og stolte av oss sjølve.

– Det handlar ikkje berre om at det er ok å vera større, men heile biletet: At alt er vakkert, seier Jansson.

Ho trur mange er blitt så vane med dei urealistiske utstillingsdokkene at dei ikkje lenger ser det som eit problem.

Jansson vart overraska då dei små butikkane verka meir skeptiske til prosjektet enn dei store kjedene.

– I dei små butikkane med litt dyrare klede opplevde eg at dei framleis er er litt redde for at det ikkje skal bli fint. Det er denne tanken som må bort. Me menneske er vakre og fine og tanken om at me ikkje er «good enough» er berre dum, seier prosjektleiaren.

Les også: No vert det nye spelereglar for bloggarar og Instagram-kjendisar

Mina Vinje Press

Press-leiar Mina Vinje etterlyser strukturelle endringar for å hamla opp med kroppspress. Foto: Press

Press-leiaren er positiv

Leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Mina Vinje, tykkjer det svenske prosjektet er veldig spanande.

– Barn og unge vert eksponert for dei same kroppane heile tida. Det ein ser er det ein tenkjer er fint og normalt, difor er det viktig å få fram mangfald og ikkje urealistiske kroppar – for prøvedokkene er ikkje realistiske, slår Vinje fast.

Ho trur ikkje prøvedokkene er den største utfordringa når det kjem til kroppspress, som ho ser på som eit større strukturelt problem.

Ho opplever at fokuset på problemet har auka i løpet av dei ni åra Press har delt ut Gullbarbie til den aktøren som i sin reklame og kommunikasjon er «best på å få ungdom til å føle seg verst».

Les også om Remy Berland (20) som tek eit oppgjer med kroppspress for menn!

71 prosent kjenner presset

Vinje er uroa fordi ekstremt mange barn og unge slit med kroppspress. I Ungdata-undersøkinga svara 71 prosent at dei følte på eit press om å sjå bra ut.

Ho meiner mykje skuldast den digitale kvardagen som er fylt opp av sosiale medium, reklame og mediepåverknad.

Press-leiaren ynskjer utstillingsdokkene velkomne til Noreg, men meiner at det må større strukturelle endringar til og etterlyser ei marknadsføringslov tilpassa vår digitale tid. Ho er glad for at Noreg skal innføra merking av retusjert reklame, men etterlyser òg ei strengare handheving av marknadsføringslova og forbod mot kosmetisk kirurgi.

– Ein legg ofte ansvaret på barn og unge sjølv, men det er reklamebransjen og politikarar som må ta ansvar, understrekar Vinje.

Kroppspress for alle

Utstillingsdokkene av kvinner var lenger frå dei frivillige som stilte opp, enn utstillingsdokkene for menn. Foto: Privat

Det viste seg at kvinnekroppane var lenger frå utstillingsdokkene enn mannskroppane. Til dømes var berre tre prosent av kvinnene like høge som mannekengane.

Likevel er Jansson tydeleg på at kroppspress er noko som råkar både kvinner og menn – i alle aldrar.

– Ein mann som var veldig kort syntest at det var vanskeleg å handle kle. Han måtte gå på barneavdelinga. Det er eit maskulint ideal å vera stor og sterk, medan han var kort og liten. Så idealet har fortalt han at han aldri har vore ein skikkeleg mann, seier Jansson.

Ho erfarar at mange ser på kroppspress som eit ungpikeproblem, men utifrå personane dei møtte ser det ut til at problemet ikkje er noko folk legg frå seg.

– Me lev i ei tid der mange ikkje har det bra. Dei er ikkje nøgd med sine liv. Det går bra, men dei har det ikkje bra, seier Jansson.

Les også om vår teikneserie-spaltist L-innsikt, som lagar poesi om valdtekt og teikneseriar om livet:

«Sarkastisk, filosofisk, puns og ungdommer som ikke helt når toppen.» Slik skildrar Eielsen si eiga Facebook-side. Foto: L-innsikt