Landsstyret i Norsk Målungdom krev at styresmaktene løyver midlar til å utvikle og kvalitetssikre digitale ordbøker.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er vanskeleg å vere nynorskbrukar frå før, og ordbøkene kan vere med på å gjere det litt lettare, seier Gunnhild Skjold.
Den nyleg påtroppa leiaren i Norsk Målungdom seier det er viktig at framandspråk i skulen ikkje blir enda ein arena utan nynorsk.
Difor har landsstyret i organisasjonen vedteke ei fråsegn der dei krev at styresmaktene løyver midlar til å utvikle og kvalitetssikre digitale ordbøker. Desse skal fungere begge vegar mellom nynorsk og dei vanlegaste framandspråka i den norske skulen.
Les også: – Nynorsk må stå på lista over kvalifikasjonar og redaksjonane må prioritera det.
Omveg via bokmålet
Spansk, tysk og fransk er i dag dei mest populære tredjespråka i ungdomsskulen. Slik det er no må nynorskelevar gå omvegar via bokmål for å slå opp gloser.
– Dette gjer det vanskelegare for dei elevane som brukar nynorsk å lære seg eit nytt språk, seier Skjold.
Målungdomsleiaren understreker at nynorskelevane fortener eit like godt tilbod som det bokmålselevane har.
Gjennom Kunnskapsforlaget si digitale ordbok, Ordnett.no, har ein i 10 månadar kunna søke på nynorsk, få opp alternativet på bokmål, for så å få ordet omsett til fransk, spansk eller tysk.
Rolf Karlsen, redaktør og forretningsutviklar i Kunnskapsforlaget, seier tilbodet dei no har var noko dei gjorde med omsyn til dei elevane som har nynorsk som hovudmål.
– Slik det er no skal det vere som eit supplement, men det er ikkje som ei eiga ordbok. Systemet fungerer for å finne framandspråklege ord frå nynorsk, men andre vegen kjem svaret framleis på bokmål.
Nynorsk ordbok er fullt mogleg
Ifølgje Karlsen er det fullt mogleg å lage ordbøker frå nynorsk til framandspråk om det blir sett av nok ressursar til dette, og om ein har rett folk med gode kunnskapar både til nynorsk og framandspråket det er snakk om.
– Spørsmålet om nynorske ordbøker er knytt til kostnadar.
Norsk Målungdom meiner regjeringa og Utdanningsdepartementet burde ta ansvar, og sette av midlar til desse ordbøkene.
– Det er viktig at ein får nytta målforma si i heile skuleløpet, avsluttar leiar Gunnhild Skjold.