Mållaget jublar over pengar til nynorske læremiddel
Kunnskapsminister Jan Tore Sanner vil bruke 74 millionar kroner for å sikre ei raskare utvikling av nye og digitale læremiddel.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er ei viktig handsrekking til nynorskelevane, som treng å få digitale læremiddel på sitt eige språk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.
Han jublar over at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett løyver 20 millionar ekstra til innkjøp av nynorske digitale læremiddel og digitale læremiddel for små fag

Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn. Foto: Noregs Mållag
Digital nynorsknipe
Regjeringa løyver 89 millionar kroner til kommunane og fylkeskommunane for å kjøpe inn digitale læremiddel, med det vilkåret at dei skal vere tilgjengelege både på nynorsk og bokmål.
Mållaget oppmodar kommunane og fylkeskommunane på det sterkaste om å søkje denne ordninga.
– Det er bra at regjeringa ser at digitale læremiddel på bokmål er eit stort problem for nynorskelevane. Ei av hovudoppgåvene skulen har, er å gjera elevane til trygge språkbrukarar. Det er viktig at elevane møter språket sitt heile tida, særleg i den fyrste lese- og skriveopplæringa, seier Aasbrenn i presemeldinga.
Kunnskapsministeren vil ha tilpassa læremiddel
I samband med at nye læreplanar skal bli tatt i bruk hausten 2020 har regjeringa sett av 74 millionar for å sikre ei raskare utvikling av læremiddel og innkjøp av digitale læremiddel.
– Skal vi nå måla om at elevane skal lære meir og betre, må skulen ha læremiddel som er tilpassa dei nye læreplanane, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) i ei pressemelding.
Midla er fordelte på denne måten:
- 10 millionar kroner i tilskot til Sametinget for utvikling av samiske læremiddel.
- 20 millionar kroner i tilskot til utvikling av læremiddel utan kommersielt grunnlag.
- 20 millionar kroner i tilskot til innkjøp av digitale læremiddel og styrking av tilskotsordninga som er ein del av Den teknologiske skulesekken.
- 23,75 millionar kroner til omdisponering av tilskot til utvikling av digitale læremiddel gjennom Den teknologiske skulesekken.