Tøffe opptaksprøvar i gang i Forsvaret
I snart to veker har 1.650 kvinner og menn vore gjennom ulike testar på Sessvollmoen i Ullensaker. Dei kjempar om ein plass ved ei utdanningane i Forsvaret.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sjå bileta frå dei tøffe opptaksprøvane i Forsvaret
Totalt var det over 6.000 søkarar frå heile landet til dei årlege opptaksprøvane. Av desse vart 2.500 innkalla, og 21. juni møtte i overkant av 1.650 opp for å gjennomføre prøvane. Det er ny rekord, og 22 prosent av desse var kvinner.
Les også saka om at vernepliktige ikkje får ID-kort på nynorsk:– Det er absolutt eit bokmålsdominert forsvar
To veker med testing
På dei to vekene gjennomgår kandidatane fleire prøvar og testar. Det gjeld både reine styrkeprøvar, løpstestar, løp med ein solid oppakning på ryggen, og dessutan medisinsk kontroll, intervju, teoretiske testar og mentale og fysiske testar under feltforhold med lite tilgang på mat og søvn.
I alt blir det kjempa om plassar ved 36 ulike utdanningslinjer ved Forsvarets høgskole, Forsvarets etterretningshøgskule, Forsvarets spesialkommando, kystjegerkommandoen, Cyberforsvaret, Forsvarets logistikkorganisasjon, Hærens våpenskole og Etterretningsbataljonen i Hæren.
Konkurrerer om eit fåtal stillingar
Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) besøkte Sessvollmoen tysdag og fekk ei omvising i området.
– Det er kjempespanande å vere her. Her samlar vi kremen av norsk ungdom og testar dei skikkeleg, der dei konkurrerer om eit fåtal stillingar. Det apparatet Forsvarer riggar til her er imponerande, seier Bakke-Jensen til Forsvarets Forum.
Opptak blir avslutta 5. juli og då vil dei mest eigna kandidatane få tilbod om vidare utdanning.