Oda Linnea Iden (20) er på tokt i Antarktis

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 04.02.2019 12:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er eit stort privilegium å få bli med på denne turen. Folk betalar jo minst femti tusen for å reise til Antarktis, fortel Oda Linnea Iden på telefon frå Chile.

Sjølv får 20-åringen frå Knarvik løn for å vere med. Ho er om bord på forskingsfartøyet «Kronprins Haakon» som torsdag la frå kai i Chile med kurs mot Antarktis.

På tokt med kronprinsen

Dei komande månadane skal til saman sju forskingsfartøy legge bak seg 4600 nautiske mil og kring 70 prøvestasjonar. Forskarane skal utføre eit hopetal eksperiment for å kartlegge krill og rolla den spelar i økosystemet. Dei skal undersøke alt frå akustikken i havbotnen til å satelittmerke sel og pingvinar.

Forskingsfartøyet «Kronprins Haakon» har heile 14 laboratorium om bord. Her er skipet på istesting i fjord. Endå det er sommar i Antarktis er is likevel eit vanleg syn. Fotograf: Andreas Wolden / Havforskingsinstituttet

Frå dekk skal Iden dokumentere det heile på dei sosiale media til Havforskingsinstituttet, med emneknaggen #OdaiAntarktis.

– Eg gler meg veldig til å sjå korleis forskarane jobbar, fortel 20-åringen.

Ho seier sjølv at ho visste lite om krill før denne sjansen bydde seg. Men ho håpar at når ho går i land igjen etter nesten 50 døgn på havet, så veit ho meir enn dei fleste om både krill, fisk og Antarktis.

Les også: Johan (17) reiste med Amundsen til Antarktis. Sjå den fantastiske dagboka hans her!

Her kan du sjå den planlagte ruta til forskingstokta. «Kronprins Haakon» og Iden sin kurs er markert i raudt: 

Les også: 

Fotograf med sjøbein

Iden er med på tokt på grunn av heilt andre ferdigheiter. Som ein del av førstegongstenesta si i militæret var ho presse- og informasjonssoldat i Sjøforsvaret. Der fekk ho vere med Kystvaktskipet KV Svalbard på tokt til Vestisen ved Grønland. Om bord var også forskarar frå Havforskingsinstituttet som skulle telle sel.

– Dei såg bileta eg tok, og lurte på om eg dimitterte til å vere med på dette, fortel Iden.

Les også: Havet stig: Over 50.000 bygningar kan bli ramma. Her kan du sjå om stormfloda vil fløyma inn i huset eller naustet ditt!

Det var slike bilete frå Grønlandsseglasen med KV Svalbard som imponerte Havforskingsinstituttet. Foto: Oda Linnea Brekke Iden/Sjøforsvaret

Då Havforskingsinstituttet trong ein sjøvan fotograf var Iden eit naturleg val. Frå Sjøforsvaret har Iden kring 100 seglingsdøgn, ei erfaring som kjem godt med når fleire månadar på tokt i Sørishavet ventar.

– Eg skal bu på rom med ei fransk jente. Det er heilt ypperleg for meg for eg er vant til seksmannslugar, seier Iden, som nok er den yngste passasjeren om bord.

Les også om Amalie Henriksen som har vakse opp i Longyearbyen: – Eg har vore igjennom 18 mørketider, så for meg har det vorte heilt normalt.

Studiane kan vente, Sørishavet ikkje

At Iden skulle ende opp på eit flunkande nytt forskingsskip på veg til pingvinar og krill var likevel ikkje openbert.

– Dei fleste eg kjenner, pluss eg sjølv, hadde ikkje venta at eg skulle ende opp verken i Forsvaret eller på havet, seier Iden, og legg til:

– Eg skal jo studere juss ein gong!

Men det vert ikkje med det første. Når denne seglasen er over, ventar ei stilling på ho i Sjøforsvaret, som visekonstabel innan presse- og informasjonsfeltet. 20-åringen har gått heilt andre vegar enn dei ho såg føre seg då ho gjekk på vidaregåande.

– Eg har tatt dei sjansane eg har fått, og eg har aldri sagt nei til ei oppleving for å starte på studium.

Men Oda Linnea Iden angrar ikkje.

– Eg kunne ikkje sitte att og angre på at eg ikkje vart med, så eg måtte berre køyre på!

Les også: Hadde ikkje i sin villaste fantasi planlagt å jobbe på CERN