I snart to veker har 1.650 kvinner og menn vore gjennom ulike testar på Sessvollmoen i Ullensaker. Dei kjempar om ein plass ved ei utdanningane i Forsvaret.
NPK-NTB
NPK-NTB

Totalt var det over 6.000 søkarar frå heile landet til dei årlege opptaksprøvane. Av desse vart 2.500 innkalla, og 21. juni møtte i overkant av 1.650 opp for å gjennomføre prøvane. Det er ny rekord, og 22 prosent av desse var kvinner.

Les også saka om at vernepliktige ikkje får ID-kort på nynorsk:– Det er absolutt eit bokmålsdominert forsvar

To veker med testing

På dei to vekene gjennomgår kandidatane fleire prøvar og testar. Det gjeld både reine styrkeprøvar, løpstestar, løp med ein solid oppakning på ryggen, og dessutan medisinsk kontroll, intervju, teoretiske testar og mentale og fysiske testar under feltforhold med lite tilgang på mat og søvn.

Søkjarar til utdanning i Cyberforsvaret under Forsvarets opptak og seleksjon på Sessvollmoen. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

I alt blir det kjempa om plassar ved 36 ulike utdanningslinjer ved Forsvarets høgskole, Forsvarets etterretningshøgskule, Forsvarets spesialkommando, kystjegerkommandoen, Cyberforsvaret, Forsvarets logistikkorganisasjon, Hærens våpenskole og Etterretningsbataljonen i Hæren.

Les også: Den nyoppstarta folkehøgskulen som skal vere eit tilbod for «dropouts»: – Skulen skal vera for alle og det skal vera låg terskel inn.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen var imponert over det han såg då han besøkte Sessvollmoen. Foto: Torgeir Haugaard/ Forsvaret

Konkurrerer om eit fåtal stillingar

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) besøkte Sessvollmoen tysdag og fekk ei omvising i området.

– Det er kjempespanande å vere her. Her samlar vi kremen av norsk ungdom og testar dei skikkeleg, der dei konkurrerer om eit fåtal stillingar. Det apparatet Forsvarer riggar til her er imponerande, seier Bakke-Jensen til Forsvarets Forum.

Opptak blir avslutta 5. juli og då vil dei mest eigna kandidatane få tilbod om vidare utdanning.

 

Les også om Oda Linnea Brekke Iden (20) som gjekk frå å vere presse- og informasjonssoldat i Sjøforsvaret til å vere med på tokt til Antarktis. 

I byrjinga av januar reiste Oda Linnea Brekke Iden på tokt til Antarktis. Då venta fleire månadar til sjøs. Foto: Privat

Kommentarar

ANNONSE