Fleirtal for nynorske turbibliotek i Bergen – håpar fleire følgjer etter

Stort fleirtal i Bergen bystyre for nynorske turbibliotek.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tatt initiativ til å bygga dagsturhytter i alle kommunane i dagens Sogn og Fjordane med nynorske turbibliotek i hyttene. Aasentunet har òg laga til turbibliotek på Søre Sunnmøre og i Nordfjord med nynorske bøker.

Denne veka vedtok Bergen bystyre å oppretta slike nynorske turbibliotek i Bergen. Alle parti, bortsett frå Høgre og Frp, støtta forslaget frå Line Berggreen Jacobsen (Ap).

– Det er ikkje tvil om at dette vil bli eit kjempebra bidrag til å skapa turglede og leseglede for barn og unge, seier ho til Framtida.no.

Line Berggreen Jacobsen (Ap) kom med forslaget om å oppretta nynorske turbibliotek i Bergen. Foto: Ap

Vil stimulera til nynorskbruk

I vinter kunne Framtida.no fortelja at Bergen hadde ein nedgang på 111 nynorskelevar, noko som utgjer meir enn halvparten av den netto nedgangen i Noreg.

– Det er urovekkande tal. Nynorske turbibliotek vil vera eit bidrag for å stimulera til meir bruk av nynorsk i Bergen, seier Line Berggreen Jacobsen.

Har du lagt merke til at bank-id no også er på nynorsk? Det er vel ljos lukke?

Håpar fleire kjem etter

Byrådet skal no legga fram ei sak til bystyret med forslag til korleis Bergen kan få fleire nynorske turbibliotek. I interpellasjonen til bystyret føreslår Line Berggreen Jacobsen at kommunen samarbeider med frivillige som Bergen og Hordaland Turlag.

– Eg håpar fleire kommunar kjem etter. Ideelt sett burde heile Hordaland fylke adoptera ideen! seier ho til Framtida.no.

Ifølgje Siri Beate Gjerde ved Ivar Aasen-tunet, er det fleire kommunar som har tatt kontakt for å få oppretta fleire turbibliotek.

– Interessa er veldig stor, seier ho, og gler seg over at Bergen òg skal få seg nynorske turbibliotek.

LES OGSÅ: Slik vil Bergen ta meir ansvar for nynorsk