Katt opnar bibliotek

Lurivar, tunkatten til Ivar Aasen-tunet, slår to fluger i ein smekk – fleire born skal lokkast til å lesa og å gå i naturen med utandørs bibliotek i sommar.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tunkatten Lurivar, som til vanleg held til på Ivar Aasen-tunet i Ørsta, har reist rundt i sju kommunar i Nordfjord og på Søre Sunnmøre for å setja opp små utebibliotek for born i sommarferien. Det skriv Ivar Aasen-tunet i ei pressemelding. Dei samarbeider med sju kommunar i regionen i samband med Friluftsåret 2015.

LES OGSÅ: Om klimaendringar – og rosa fly

Eit litt annleis bibliotek
Tunkatten har ikkje tatt med seg gravemaskiner, sement og ein bukett med ivrige bibliotekarar ut i skogane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord. Desse er av det enkle slaget.

– Barneboktua er eit litt annleis bibliotek. Det er berre ope i sommarferien og det er sjølvbetent. Alle som kjem dit kan finne seg ei bok og setje seg ned og lese i naturskjøne omgivnader og så leggje boka tilbake igjen før dei går, seier formidlar Liv Astrid Skåre Langnes i Aasen-tunet.

Langnes legg til at bøkene er ei gåve frå Ivar Aasen-tunet og forlaga Skald, Cappelen, Mangschou og Samlaget.

Naturleg nok er det nynorsk litteratur som er i fokus.

– Biblioteket har eit godt utval i nynorske barnebøker og kan vere ein fin måte for dei vaksne å orientere seg om kva som er nytt i den nynorske barnebokverda, seier Langnes.

LES OGSÅ: Molde er årets bibliotek

5-10 år
Utvalet, som Lurivar sjølv har vore med på å velja, ifølgje rykta, er spesielt eigna for born i alderen 5-10 år. I faktaboksen kan du sjå kvar dei små biblioteka er plassert.

LES OGSÅ: – Avgjerande tiår for folkebiblioteka

Faktaboks

Her kan du finna biblioteka til Lurivar:

Herøy: Barneboktua, på Herøy gard, turvegen

Ulstein: Barnebokberget, i Trollskogen ved Oseberget

Hareid: Barneboktua, ved Rotarystien

Volda: Barnebokskogen, i Lærarskuleskogen.

Sande: Barneboktua, Storehornet/ Sandviktua, parkering på Drageskaret

Hornindal: Barneboktua, gapahuken ved Hornindal skule

Stryn: Barnebokplassen, Leikeplassen på Visnes