Slik vil Bergen ta ansvar for meir nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I juni 2016 spurte Njaal Hendrik Neckelmann (V) byrådsleiaren om kva han ville gjera for at Bergen skal ta språkleg ansvar som Vestlandets hovudstad.

På kvelden onsdag 21. februar vedtok Bergen bystyre med stort fleirtal ei rekkje tiltak som skal betra vilkåra for nynorsken i storbyen på Vestlandet.

– Eg er veldig glad. Dette betyr at det høgste folkevalde organet i Bergen ønskjer å leggja betre til rette for at fleire kan få bruka nynorsk, seier byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) til Framtida.no.

Framstegspartiet var det einaste partiet som ikkje stilte seg bak tiltaka for å få meir nynorsk i Bergen. Daniel C. E. Hägglund (Frp) sa at dei ville støtta valfridomen for tilsette, men Frp ville ikkje støtta mål om 10 prosent nynorsk.

Njaal Neckelmann (V) tok initiativ til saka som i går blei vedtatt med stort fleirtal.

Paradigmeskifte

Njaal Hendrik Neckelmann trur det har skjedd eit paradigmeskifte i den politiske debatten om språk dei siste åra, også her i Bergen.

– No kjenner ein igjen den rause og inkluderande byen som Bergen skal vera, også i språkpolitikken, sa han frå talarstolen.

Han sa òg at han har høyrt at fleire i administrasjonen har byrja å skriva på nynorsk etter saka kom opp.

– Det synest eg er ganske kult!

LES OGSÅ: Bergen tingrett går over til meir nynorsk

– Må vatna nynorsken!

Byrådsleiar Harald Schjelderup er samd i at det har skjedd noko med haldninga til nynorsk i Bergen dei siste år. Han trur det hadde vore vanskeleg å få til eit liknande vedtak for berre ti år sidan.

Byrådsleiar Harald Schjelderup har i dag lansert ein plan for meir nynorsk i Bergen.

Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) er glad for planen for meir nynorsk i Bergen. Foto: Hordaland Ap

– Fleire og fleire ser nytten av språkleg mangfald og verdien av å leggja til rette for nynorsken som er under press. Det er Vestlandet som er nynorskens hage, og Bergen må ta ansvar for å vatna og gjødsla han, seier Schjelderup.

Han legg til at det var kjekt at Oddny Miljeteig (SV) sat på galleriet då saka blei lagt fram.

– Ho er ein inspirator, seier han om den nynorske urkrafta i bergenspolitikken.

På spørsmål om andre byar kan la seg inspirera av Bergen, seier Schjelderup dette:

– Eg er veldig tilhengar av det lokale sjølvstyret. Men det hadde vore kjekt om andre byar lar seg inspirera.

Bergen Høyre siterte Olav H. Hauge

Saka om nynorsk engasjerte Bergen bystyre.

– Kommunen har ein veg å gå på å vera språknøytral. Å vera språknøytral er ikkje det same som å vera språkpassiv. Når tala er som dei er, så må kommunen arbeida aktivt for å auka bruken av nynorsk, sa Sonja Irene Dyrkorn (Ap).

Hilde Maria Boberg Andresen (SV).

– Det hjelper ikkje å seia at me har to målformer viss me ikkje gjer det me kan for at folk faktisk praktiserer det. Når den eine målforma er mindre brukt, så er det viktig at me aktivt fremjar den, sa Hilde Maria Boberg Andresen (SV).

Anette Strand (H) sa at Høgre ville støtta saka, og håpte på vind i segla for språkleg mangfald. Og avslutta med å sitera «Du er vinden» av Olav H. Hauge.

LES OGSÅ: Kamp om å vera nynorskhovudstad

– Paradoksalt

Sofie Marhaug i Raudt meiner det er paradoksalt at kommunen vil fremja nynorsk i skulen, når dei la ned nynorske skular gjennom førre skulebruksplan.

Sofie Marhaug i Raudt.

Ho var òg klar på at det er greitt å kunne krevja av dei som jobbar i Bergen kommune skal kunne bruka nynorsk.

– Det er det same som å kunne krevja at ein økonom skal kunne bruka både multiplikasjon og substraksjon. Du skal ikkje kunne velja vekk det eine eller det andre.

LES OGSÅ: Vil skapa nynorsk kraftsentrum i Bergen

Ikkje medlemskap i LNK enno

Raudt, MDG og Senterpartiet fremja fleire forslag som ville ha styrkja vilkåra for nynorsken i endå større grad enn fleirtalet. Mellom anna fremja dei framlegg å la bydelen Arna få bruka meir nynorsk og at det blir brukt nynorske namn på reguleringsplanar i område med nynorske namn på gate- og stadnamn.

– Eg trur Bergen vil ha stor nytte av å knyta seg til den kompetansen som Landssamanslutninga av nynorskkommunar har. Difor håpar eg at byrådet vil vurdera eit medlemsskap der, sa Ove Sverre Bjørdal (Sp).

Det blei ikkje fleirtal for dette, og nokre av dei andre framlegga til opposisjonen.

Byrådet skal kvart år framover orientera om bruken av nynorsk i Bergen.

– Eg trur det vil koma nye framlegg kvart år som vil styrkja bruken av nynorsk, seier byrådsleiar Harald Schjelderup.

– Det er no arbeidet startar.

Sjå debatten i nettTV!

Framtida.no er driven av Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Her er noko av det Bergen vil gjera for meir nynorsk:

  • Tilsette kan i arbeidet nytte den målforma som dei ønskjer.
  • Innbyggarar skal få svar i same målform som dei skriftleg vende seg til kommunen med.
  • 10 prosent av all framtidig utoverretta kommunikasjon frå kommunen skal vera på nynorsk.
  • Tidleg start med nynorsk frå barnehage og gjennom skulen
  • Ved endringar i skulestrukturen skal kommunen ta omsyn, slik at elevar med nynorsk som opplæringsmål kan halde fram med det.

Sjå fleire tiltak i saksframstillinga her!