Bergen har størst nedgang i talet på nynorskelevar

Bergen bystyre vedtok i februar å styrkja nynorsken i Bergen. I haust gjekk talet på nynorskelevar i kommunen ned med 111.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bergen har størst nedgang i talet på nynorskelevar

Til samanlikning gjekk talet på nynorskelevar i heile Noreg ned med 215. Nedgangen i Bergen utgjer dermed over halvparten av den netto nedgangen for landet.

Sofie Marhaug i Raudt då bystyret diskuterte nynorsk i Bergen tidlegare i år.

Gruppeleiar for Raudt i Bergen, Sofie Marhaug, er ikkje overraska over tala.

– Det er ikkje rart at talet går ned når ein legg ned nynorske skular. I teorien er byrådet er glade i nynorsk, men problemet er skulebruksplanen frå 2016 der ein legg opp til at skulane skal ha rundt 500 elevar, noko som i praksis gjer at ein legg ned skulestrukturen i Arna og Fana der ein har hatt fleire nynorske skular.

Til samanlikning: Rett sør for Bergen opplevde nabokommunen Os ein auke på 170 fleire nynorskelevar i haust.

Vil gjera ekstra innsats for meir nynorsk

Skulebyråd i Bergen, Roger Valhammer (Ap), trur det kan vera fleire grunnar til at talet på nynorskelevar i Bergen har gått ned sidan førre skuleår.

– Ein slik nedgang er jo sjølvsagt ikkje noko me ynskjer, seier han i ein kommentar til Framtida.no.

– For byrådet er det avgjerande at alle elevar meistrar heile det norske språket. Difor er det viktig for oss å gjera ein ekstra innsats for å styrkja vilkåra for nynorsk, som er det minste brukte skriftspråket.

Byråd for barnehage, skule og idrett i Bergen, Roger Valhammer. Foto: Vidar Langeland

Sikrar nynorsk språkval i digitale program

– I skulen har no alle digitale program frå forlaga me brukar nynorsk som språkval. Det same gjeld alle dynamiske nettsider og alle program Bergen kommune har kjøpt inn og pakka til skulane i Bergen. Dette inkluderar til dømes M+, Kikora, Into Words, Salaby, Clarify og så bortover, seier Roger Valhammer.

Kommunen og Bergen og Hordaland Mållag arrangerer i april Bergenskonferansen for nynorsk. Her bidreg kommunen mellom anna med økonomisk støtte og deltaking i programmet med representantar frå barnehage og skule og frå byrådet.

– Dette gjer me fordi styrking av nynorskopplæringa i barnehage og skule, både for dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har nynorsk som sidemål, er viktig.

– I tillegg kan eg òg nemna at i budsjettavtala mellom byrådpartia og Senterpartiet og Sondre Båtstrand er det lagt inn 100.000 kroner til ein søkbar pott til innkjøp av barnebøker på nynorsk i barnehage og skule. Me innser at kåra for nynorsk må betrast, og difor gjer vi no desse satsingane.

Oppmodar elevar til å velja nynorsk

Roger Valhammer (Ap) peikar på at om det er 10 eller fleire ungar på eitt trinn med nynorsk, har dei rett på eigen klasse.

– Opplæringslova tar dermed vare på barna og retten foreldra har til å oppretta nynorsk-klassar dersom det er eit ønske og eit behov, og denne retten skal me sjølvsagt halda fram med å ta vare på, seier han til Framtida.no.

Sofie Marhaug (R) oppmodar foreldre i Bergen til å velja nynorsk for barna sine.

– Det er utruleg lurt med tanke på barna å ha nynorsk som hovudmål. Bokmål får ein heile tida, så det lærer ein seg uansett. Men det er vanskelegare å læra eit sidemål som er mindre brukt, seier ho.

Her er dei 15 kommunane som har opplevd største nedgang i talet på nynorskelevar i år (Tal merka i feit skrift er kommunar der talet på bokmålselevar samstundes går opp med meir enn to elevar):

Kommune Nynorskelevar i 2017/18 Nynorskelevar i 2018/19 Auke
Bergen 550 439 -111
Ålesund 672 601 -71
Fjell 1082 1018 -64
Fræna 411 358 -53
Kvinnherad 1674 1631 -43
Førde 1881 1838 -43
Stord 2507 2475 -32
Fusa 400 369 -31
Høyanger 498 467 -31
Vågsøy 620 589 -31
Flora 1574 1544 -30
Luster 664 634 -30
Volda 1131 1101 -30
Sel 219 190 -29
Sunndal 221 192 -29