Får støtte til nynorsk turbibliotek


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Biblioteka skal inn i dagsturhyttene som skal byggjast i alle kommunane i fylket.
Prosjektet skal gå over to år. Det første året er tilskotet frå Nasjonalbiblioteket på 400 000 kroner.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke initiativ til å byggje dagsturhyttene. Hyttene får lik utforming og blir finansierte ved spelemidlar og støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. I alle hyttene skal det vere eit lite bibliotek.
Gjennom turbiblioteka ynskjer Fylkesbiblioteket å nå ut til eit breiare publikum enn dei som vanlegvis nyttar folkebiblioteka. Målet er å stimulere til lesing og bibliotekbruk og å auke kunnskapen om nynorsk språk og litteratur.
Det er planlagt ei rekkje litterære og kulturelle arrangement i og ved dagsturhyttene, i eit samarbeid mellom Fylkesbiblioteket, folkebiblioteka og aktuelle organisasjonar.