Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Begeistringa var stor på sosiale medium i dag.

Kodeorda ein får tilsendt ved innlogging med bank-id på mobil er ein tilfeldig kombinasjon av ord frå to lister: Ei beståande av adjektiv, og ei anna av substantiv. Desse listene har berre vore sett saman av bokmålsord.

“Vyrdsam elsk” var det vene bodskapet Framtida-redaksjonen fekk tilsendt under innlogging med bank-id. Foto: Skjermdump

Nå er stoda ei anna.

Etter at poet Øystein Hauge tok initiativ til nynorske kodeord i vår, var ikkje Vipps vonde å be:

– Me jobbar med ei liste av nynorske ord, og gler oss til å sjå «Gild sild» og «Blaut stol» når me loggar inn i nær framtid, sa kommunikasjonssjef i Vipps Hanne Kjærnes til framtida.no den gong.

Nynorsk jubel

Kjærnes fortalde vidare at ikkje berre nynorsk-kundar, men alle brukarar av bank-id ville få kodeord på nynorsk i ein periode.

Leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn er, ikkje uventa, blant dei som jublar:

Magne Aasbrenn er blant dei som jublar for nynorske kodeord ved innlogging med bank-id.
Foto: Noregs Mållag

Kommunikasjonssjef Kjærnes er fornøgd med at kodeorda har skapt begeistring.

– Vi er kjempeglade for at brukarane er begeistra for nynorske kodeord, og det er veldig gøy at dei nå kan møtast av for eksempel «gild sild» eller «ofseleg hugleik» når dei loggar inn med bank-id.

Appen framleis berre på bokmål

Sjølve appen til Vipps finst likevel framleis berre på bokmål. Norsk Målungdom har tidlegare kravd at bankar i Norge skal bidra til den språklege jamstillinga. 

Det ser det ikkje ut til at Vipps har tenkt til å gjera noko med.

– Vi har dessverre ikkje snarlege planar om at Vipps skal komma i nynorsk drakt, skriv Kjærnes i ein e-post til framtida.no.

Derimot kan det henda at dialektar kjem til syne i tenestene til selskapet i nær framtid.

– Då dette har skapt så mykje «ofseleg hugleik» vurderer vi å ta stafettpinnen vidare ved å også lage kodeord basert på dialektar, avsluttar kommunikasjonssjefen.