Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På brøkdelen av eit sekund er kyllingen redusert til mos. Det skjer med hurtigroterande knivar, og er blant dei mest smertefri måtane ein kan dø på. Kyllingen rekk ikkje oppleve noko, seier Guro Vasdal, prosjektleiar i Animalia – bransjeorganisasjonen for norsk egg- og kjøttnæring.

– Men det høyrest jo veldig brutalt ut, vedgår ho.

Guro Vasdal er prosjektleiar i Animalia – fjørfenæringa sin bransjeorganisasjon. Ho jobbar ved helsetenesta for fjørfe. Foto: Caroline Roka

Omlag 3,5 millionar norske hann-kyllingar hamnar i kverna kvart år, i det næringa kallar maserasjon. Kyllingane blir sortert vekk fordi dei ikkje kan legga egg, og heller ikkje lønner seg som slaktekyllingar.

Langvarig avl har gjort at vi har ein mager rase spesialisert på å legge egg, medan ein annan rase eignar seg utelukkande til kjøttproduksjon, med stort bryst og ekstremt rask vekst.

Hann-kyllingane av verpe-rasen blir dermed overflødige, og endar som regel opp som fyringsolje, råstoff til biodiesel, eller energikjelde i sementindustrien.

– Etisk alvorleg problem

– Det er eit alvorleg etisk problem. Dyrs liv blir ikkje tatt omsyn til. Alle dyr har eit ønskje om å leve, seier Julie Grell, som likevel er einig i at sjølve avlivinga er relativt uproblematisk, ettersom prosessen er over på eit blunk.

Grell er veterinær og vitskapleg rådgivar hos Dyrevernalliansen. Ho meiner den øvrige prosessen på rugeriet er langt meir problematisk:

Dyrs liv blir ikkje tatt omsyn til.

– Så snart kyllingen er klekka skal ein ut på eit transportband og sorterast etter kjønn og defektar. Dette går rasande fort, og heilt utan omsyn til enkeltindivid. Vi blir gong på gong nekta å filme dette, og berre ein kort snutt nokre år tilbake vekka sterke reaksjonar.

Greitt å drepe dyr?

For å gå djupare inn i etikken, har Framtida.no snakka med filosof Ole Martin Moen ved Universitetet i Oslo.

– Det overordna spørsmålet her er: Er det greitt å drepe dyr for mat? Ein kan få masse god mat utan å drepe dyr. Vi drep altså ikkje for maten, men for den vesle smaksforskjellen mellom vegetar og kjøtt.

Ole Martin Moen er postdoktor i filosofi ved Universitetet i Oslo, og har jobba mykje med dyreetikk. Foto: UiO

– Viss vi likevel skal drepe dyr, må vi i alle fall gjere vårt beste for at dei lever liv som er verd å leve, og døyr så smertefritt som mogleg, understrekar filosofen.

– Er eit liv som slaktekylling verd å leve?

– Ein del [dyr] har heilt sikkert ikkje det. Det er fullt mogleg at det å bli drept tidleg er ein betre skjebne.

– Men å skape eit liv som ikkje er verd å leve, eller å ta eit liv som er verd å leve – det er problematisk, seier Ole Martin Moen.

Vi stiller Guro Vasdal frå fjørfebransjen same spørsmål.

– Det er vanskeleg å gi eit fasitsvar på. Vi har sett i verk fleire tiltak som i det minste er med på å bidra til det. Eit kyllingliv er eit relativt kort liv, men likevel vil eg seie: Ja. Dei har gode stunder. Pendelen svinger mot at dei har liv som er verd å leve, meiner Vasdal.

Ligg apatisk nede og pustar tungt

– På den eine sida har ein verpehøns som legg over 300 egg i året, og har store problem med beinskjørheit og eggleiarbetennelse. På andre sida er slaktekyllingane som veks så fort at dei får alvorlege hjarte- og beinproblem. Vitnar dette om at avlen er ute av kontroll?

– Tidlegare var produksjonseigenskaper veldig tungt vekta. Men dei siste ti åra har dyrehelse blitt vektlagt mykje meir enn før, og nå er beinhelse ein del av avlsmålet. Slik sett kan ein seie at avlen går i rett retning, seier Vasdal.

Avlen går i rett retning.

I Tyskland erklærte ein føderal forvaltningsdomstol nyleg at dyrs liv var viktigare enn økonomiske omsyn, i samband med eit søksmål om maserasjon. Mange tar nå til orde for ein kombinasjonsrase, der ho-kyllingar produserer egg, medan resten blir slaktekylling.

Slik ville ein unngått millionar av overflødige kyllingar.

– I Tyskland prøvde ein dette. Men slike høner legg færre egg og bruker meir mat. Forbrukarane valde det vekk på grunn av høgare pris. Det var ikkje økonomi i det, fortel Vasdal frå Animalia.

– Så dette er ikkje aktuelt i Noreg?

– Der må eg seie nei. Vi følgjer med på utviklinga i Tyskland, og har jo ein annan kombinasjonsrase i NRF [Norsk Raudt Fe], som produserer både kjøtt og mjølk. Men innan fjørfe skal det så mykje til for å vere konkurransedyktig. Sjølv om forbrukarar er positive i undersøkingar, er eit dyrare produkt i praksis svært vanskeleg å omsetje.

Julie Grell er veterinær og vitskapleg rådgivar hos Dyrevernalliansen. Foto: Ihne Pedersen

Dyrevernalliansen er meir entusiastiske:

– Det er ein kjempegod idé. Nå er det nesten ikkje så ein kan sjå at det [verpehøns og slaktekylling] er same art. Så intens avl gir vesentlege ulemper for dyret. Slaktekyllingen blir så stor og tung at den knapt evnar å røre seg mot slutten. Den ligg stort sett apatisk nede og pustar tungt.

– Næringa meiner ei krysning ikkje er mogleg, men for dyra si skuld er det det ein må gjere. Alternativt må ein finne ein rase som er mykje mindre intensivt avla, meiner Grell.

God nok plass?

Norske krav legg i dag opp til betydeleg mindre plass enn vitskaplege anbefalingar for akseptabel kyllingvelferd.

Medan Vitskapskomitéen tilrår 25 kilo kylling per kvadratmeter, er det norske kravet 36. Samstundes er kravet endå høgare i EU, med 42 kilo per kvadratmeter.

– Dette er eit komplisert bilde. Med meir plass aukar dei såkalla positive velferdsindikatorane. Men det har ikkje nødvendigvis berre med plassen å gjere, men også støv, luft og andre miljøfaktorar spelar inn, forklarar Vasdal og legg til:

– Det er ein stadig vurdering der økonomi står opp mot dyrehelse. Med for tung vekt på dyrehelse blir det ikkje økonomi i det. Men dette gjeld berre i timane før slakt, når kyllingane er på sitt største.

Kjønnssortering på veg

I dommen frå Tyskland tillét ein vidare bruk av maserasjon, men berre mellombels. Når ny teknologi gjer det mogleg å slå fast kjønn alt i embryoet, vil praksisen bli forboden.

– Særleg i Canada ser det lovande ut. Ein utviklar nå ei løysing som inneber å skjære av toppen av egget for å fastslå kjønn. Er det ho-kjønn blir toppen limt på igjen, fortel Vasdal, som seier det er snakk om kommersiell bruk av teknologien allereie i 2020.

Men kva er eigentleg den etiske forskjellen på om millionar av kyllingar eller millionar av egg blir til avfall?

– Det kjem an på om ein har grunn til å tru at dei [embryoa] kan føle smerte, seier Ole Martin Moen, tydeleg på linje med dyreetikken til den verdskjende filosofen Peter Singer.

Guro Vasdal frå Animalia fortel at den nye teknologien vil kunne sortere vekk hann-kyllingar lenge før dei kan føle smerte.

– Kjønnssorteringa vil skje allereie før dag fem. Embryoa responderer først på dag tolv, medan klekking skjer på dag 24, ifølgje Vasdal.

Og apropos teknologi: Ny rapport trur konvensjonell kjøttproduksjon er på full fart vekk, til fordel for to heilt nye alternativ.