Farmen-Samuel kjempar imot bruken av CO2 i samband med slakting av gris

Samuel Rostøl, dyrerettsaktivist, har fått inn over 7000 underskrifter i kampanjen som tek sikte på å forby CO2-gassing av gris. Spesialveterinær i Animalia, Elisiv Tolo, meiner døyvingsmetoden med CO2 er den beste me har.

Snorre Sandemose
Publisert
Oppdatert 26.07.2018 16:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Farmen-Samuel kjempar imot bruken av CO2 i samband med slakting av gris

– Eg er nøgd med responsen kampanjen so langt har fått. Me ynskjer å informere folk om kva som skjer med grisene, seier Samuel Rostøl, styremedlem i norsk vegansamfunn og den eine av dei to initiativtakarane bak kampanjen «Forby CO2-gassing av gris i Norge!», som vart lansert i juni.

Han fortel at kampanjevideoane har vorte sette meir enn 150 000 gonger på hans eiga Facebook-side og på Facebook-sida til portalen «Husdyrnytt». Den fyrste videoen dei la ut om emnet vart sett 113 000 gonger.

– Det har vore spanande å sjå at mange ikkje har visst om denne praksisen med CO2-gassing. Eg har mellom anna sett i bondefora på Facebook at det også der er fleire som ikkje har kjent til dette.

Rostøl seier folk gjennomgåande har respondert positivt på kampanjen.

– Folk set pris på å lære ting dei ikkje visste. Det er bra for alle å få denne informasjonen, med unnatak av for slakteria. Dei ynskjer ikkje å endre praksis, for det vil koste dei meir pengar, seier aktivisten.

Les også: Vil dyrke menneskeorgan i gris

Det Europeiske Myndet for Mattryggleik ynskjer å fase ut metoden

Det Europeiske Myndet for Mattryggleik (EFSA-European Food Safety Authority) har også uttrykt at dei ynskjer å sjå bruken av CO2-gassing verte fasa ut.

Dei viser til ein forskingsrapport frå år 2004. I den går det fram at CO2-gassen får grisene til å hyperventilere og gispe etter luft den tida som går før dei vert medvitslause, noko dei seier kan ta eit halvt minutt(side 13-14). I tillegg seier dei at gassen irriterer slimhinnene til grisen.

Elisiv Tolo er spesialveterinær innan avliving og bedøving av dyr i Animalia. Organisasjonen driv mellom anna med forsking retta mot kjøt- og eggbransjen.

Elisiv Tolo er spesialveterinær hjå Animalia, og har vore observatør ved norske griseslakteri gjennom fleire år. Foto: Animalia

I ein radiodebatt om emnet på NRK måndag, gjorde ho greie for kvifor ho meiner CO2-gassing, trass i ulempene, er den mest gangbare metoden for døyving av gris før slakt.

– Ulempen er at grisen opplever ubehag før innsovning. Forskarar har leita etter andre metodar dei siste 30 åra utan at det har kome gode alternativ for gris so langt, seier Tolo.

Les også: Den mørke sida av ullindustrien

– Metoden ikkje lenger so ille som han var

Elisiv Tolo minner om at den nemnde forskingsrapporten frå EFSA byrjar å verte gamal, og at det den gongen var vanleg å døyve griser med 8o prosent CO2. I dag er det alltid minimum 90 prosent CO2 i lufta ved norske slakteri under slik bedøving, fortel Tolo.

– Det medførte at det tidlegare tok lengre tid før grisene svima av, slik at det vart meir plage for dei. Då var det vanleg å høyre hyling og skriking. No er det stort sett stille, og desibelnivået kjem sjeldan over 70-75, og skuldast støy frå maskiner, seier ho.

Ho legg til at dei gongene desibelnivået kjem over 80, er det fordi grisene kan småkrangle litt rett før CO2-gassen slår inn.

Les også: Vil ha dyrevelferd på læreplanen

Tolo: – Dei kjem i svime innan tretten sekund er gått

Spesialveterinær Tolo har gjennom fleire år regelmessig studert CO2-metoden ved norske griseslakteri. Ho seier dyra vanlegvis misser medvitet innan tretten sekund er omme, pluss minus to sekund. Unnataket er purkene. Dei er større, og det kan ta opp i 18-20 sekund på det meste før dei svimar av.

– Til gjengjeld viser dei lite reaksjon på gassen, utover kraftig anding, før dei går over ende, seier Tolo.

Då ho som nyutdanna byrja i tilsynet i 1989, var det vanleg med eit CO2-innhald på vel 70% under døyving av gris, og det kunne variere frå slakteri til slakteri kor høgt CO2-innhaldet var. Då gjekk det mykje lengre tid før dei vart medvitslause, og grisene leid.

– Den gongen var det ikkje bra. Sidan har metoden vorte betra mykje, seier ho.

Ho fortel at danske forskarar kom opp med ein ny type CO2-anlegg sist på 1990-talet. Dei er bygde slik at grisene kan verte førte inn i CO2-fella gruppevis og utan bruk av elektrisk drivar eller annan tvang. Det er òg betre styring på gassen. Norske slakteri var fyrst ut i verda med å investere i slike anlegg.

– Framleis ynskjer me at det skal vere endå mindre ubehag med bedøvinga for grisene, og me fylgjer med på forskingsprosjekt både i Tyskland og i Sverige, seier Tolo.

Les også: Dei store partia tek dyrevelferd lite seriøst

Rostøl meiner argon eller nitrogen hadde vore betre

I den offentlege kampanjen som Samuel Rostøl køyrer mot CO2-gassing av gris, nemner han ikkje kva for metodar han meiner burde vore nytta i staden.

Til Framtida.no seier han at det hadde vore betre for grisene å verte bedøvd med argon eller nitrogen (kvelstoff). Han trur dei då ville sovna inn utan å oppleve ubehag. EFSA rår også til å bruke desse gassane i sin 14 år gamle rapport. Elisiv Tolo, derimot, seier CO2 er det beste alternativet me har per i dag.

– Som dyreaktivist ynskjer eg eigentleg ikkje å vere den som fremjar alternative metodar for å drepe dyr. Eg synest ikkje me skal drepe dyr i det heile. Men når det fyrst skjer, har publikum rett til å vite at grisen gjennomlever stor smerte før han døyr, seier Rostøl.

Les også: – Dyrepoliti førebyggjer mishandling av menneske

FAKTA OM CO2-GASSING AV GRIS:

  • Fleirtalet av norske griser vert gjorde medvitslause av CO2-gass før dei skal slaktast her til lands. Dei største slakteria i Noreg nyttar seg av denne døyvingssmetoden. Grisene vert heisa ned i grupper på to til fire i ei sjakt, der atmosfæra har eit karbondioksidinnhald på meir enn 90%.
  • Norsk lov seier at CO2-innhaldet skal vere minimum 80%.
  • Norsk lov seier at det skal vere minimum to griser i heisen, ettersom fellesskap gjer at påkjenninga vert mindre for dyra.
  • Alle slakteri har ein dyrevelferdsansvarleg til stades, som skal sjå til at vilkåra på slakteriet møter den norske lovgjevinga.
  • På tidleg 90-talet var teknologien med CO2-gassing ikkje like bra som i dag, og innhaldet CO2 auka gradvis frå vanleg innhald til 70-85% CO2. Med dagens teknologi vert grisen utsett for 90% CO2 nesten med ein gong.
  • Det er viktig at grisene er medvitslause under slakt, slik at dei ikkje føler smerte når dei vert stukne i brystet. CO2-gassen, dersom nytta riktig, sikrar tryggare døyving av grisene. Over helvta av dei døyr jamvel av gassinga før dei vert slakta.
  • Motstandarar av CO2-metoden er ikkje motstandarar av at grisene skal verte døyvde. Men dei meiner det bør kome på plass ein annan, betre metode for døyving. Grunnen til det er at griser plagast når dei andar inn CO2, fram til dei svimar av.
  • Dei fleste kyllingar og kalkunar i Noreg vert òg døyvde med CO2-gass før slakt. Av pattedyr er det derimot berre gris metoden er godkjent for.
  • Sauer vert døyvde med elektrisk straum sendt gjennom hjernen, ku med ein bolt som vert skoten inn i skolten, men dette er vanskelegare å få til med grisen av ulike grunnar. Utan å halde grisen fast er det krevjande å døyve gris slik, og dermed aukar risikoen for at noko feil kan skje. I tillegg får grisen so kraftige krampar etter slik døyving, at sjølve stikkinga etterpå vert vanskeleg.
  • Griser er lite vande med handtering, og stress spreier seg raskt i ein flokk.
  • Difor vert heller aldri elektrisk drivstav nytta ved slakt av gris i Noreg. Då ville dei ha skrike og skremt kvarandre opp.
  • Ein annan av grunnane til at CO2-gassing vert brukt på gris, er at ingen gris skal hyle og slik spreie angst til dei andre grisene på slakteriet.

Kjelder: Elisiv Tolo (Animalia) og Samuel Rostøl (dyrevernsaktivist).