Grøn Ungdom vil legge ned norsk kyllingindustri

Isak Slettebø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

MDGs ungdomsparti ønsker også at høge krav om dyrevelferd skal stillast til utanlandske kyllingprodusentar som vil eksportere kylling til Noreg.

«Rullebåndsobjekter uten iboende verdi»

Bakgrunnen for forslaget er at Grøn Ungdom meiner at kylling i dag «behandles som rullebåndsobjekter uten iboende verdi». Det er landsstyret i organisasjonen som har gjort vedtaket.

– Dette er ikkje meint som eit angrep på kyllingbøndene, men som eit oppgjer med ein type dyrehald som vi som samfunn ikkje bør akseptere lenger, seier Grøn Ungdoms talsperson Hulda Holtvedt om forslaget.

I Noreg blir det produsert rundt 70 millionar kyllingar kvart år, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Grønsakproduksjon i landbrukshallar

Ungdomspartiet vil også stanse alle subsidiar og tilskot til fjørfebransjen i Noreg i ein omstillingsfase. I staden vil dei at fjørfebøndene skal produsere grønsaker.

– Ei kraftig nedskalering av kyllingproduksjonen bør kompenserast for med auka grønsakproduksjon, for eksempel i vertikale landbrukshallar. Det finst eksempel på gamle kontorlokale og industrihallar som no blir brukte til grønsakdyrking, og gamle kyllinghallar kan også eigne seg, meiner Holtvedt.

Les òg: Mat for framtida? Bli kjend med sirissane, nyaste husdyret i Norden

GRYLLUS BIMACULATUS: Den eine av to sirisstypar på fabrikken i Strömfors. Opphavleg afrikansk insekt. Her frå Bristol Zoo. Foto: Arpingstone