Vil ha dyrevelferd på læreplanen

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dyrevernalliansen: – Dyr er for viktig til å vere valfritt

– Vi risikerer at barn går ut av skulen utan forståing for korleis ein dyrekropp fungerer, seier Live Kleveland i Dyrevernalliansen.

Dei har sendt høyringsinnspel til dei nye læreplanane for naturfag, og for mat og helse. Heile framlegget for naturfag kan du lese her.

Blant forslaga er å legge til orda dyr og plantar i staden for ordet artar. Dei ønsker også å ha inn formuleringar om dyrs åtferd og behov, og moderne landbruk og forbruk av dyr.

– Dyr kan tolkast inn i ordet artar, men slik det ser ut no er dyr heilt fråverande i dei nye læreplanane. Det er uvitskapleg, seier Kleveland.

Praktiske konsekvensar

I dag er det ei rekke punkt om dyr i kompetansemåla for 4. trinn i naturfag, Kleveland forklarer kvifor det er uvitskapleg at dyr ikkje er ein uttalt del av læreplanen:

– Det er grunnleggande å forstå korleis dyr fungerer, uavhengig av om ein har kjensler for dyr eller ikkje. Dyrekunnskap er ein grunnkunnskap i naturfag, på lik linje med grunnleggande geologi og kjemi.

LES OGSÅ: Noregs Mållag vil behalde eldre litteratur- og språkhistorie

Kleveland meiner manglande kunnskap om dyr, dyrs åtferd, dyrevelferd og korleis menneskeleg aktivitet påverkar dyr, kan få praktiske konsekvensar for kva val vi som enkeltpersonar og samfunn tar:

– Det gjeld til dømes spørsmål om berekraft, landbruk, forsking med dyreforsøk, og oppdrett som er Norges største eksportnæring.

Etiske avgjerder

– Dyr og dyrevelferd er relevant på linje med miljø og berekraft. Det er også noko mange snakkar om, det er i vinden, seier Kleveland.

– Noko av poenget med dei nye læreplanane skal vere å redusere omfanget for å kunne gå meir i djupna og skape meir fridom. Har du ikkje tillit til at lærarar og elevar vil prioritere kunnskap om dyr?

– Kunnskap om dyr er for viktig til å vere valfritt. Det bør gjennomsyre planane, seier Kleveland.

– Kva konsekvensar ser du føre deg om det ikkje kjem med?

– Vi risikerer manglande grunnlag for å ta etiske avgjerder, til dømes å gjere forbrukarval, eller som forskarar velje om ein skal gjere dyreforsøk. Vårt utangspnkt er at val skal tuftast på fakta og kunnskap, avsluttar Kleveland