Ein siger for kvinnekampen


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For snart tre månadar sidan markerte verda den internasjonale kvinnedagen, og i desse dagar kan me feire endå ein siger for kvinnene sine rettar ettersom 25. mai 2018 føyer seg inn i rekka over viktige datoar i kvinnekampens historie.

Dette var dagen då ein av Europas strengaste abortlover blei historie, og Irland stemte for at også irske kvinner skal få den grunnleggande retten til å bestemme over sin eigen kropp.

Fredag gjekk irane til valurnene for å levere si stemme i spørsmålet om kva som skulle skje med dagens strenge abortlov, også kjent som det åttande tillegget i grunnlova. Dette er ei lov som sidestiller fosteret og mora sin rett til liv, og som resultat har det vore umogleg for irske kvinner å få gjennomført ein abort innanfor sitt eige heimland.

NRK skriv at heller ikkje valdtekt, incest eller alvorlege misdanningar hjå barnet har blitt rekna som grunnar gode nok til å innvilge abort. Dette forbodet har ført til at mange har reist utanlands eller bestilt abortpiller via internett.

Ein suksess for irske kvinner og menn på ja-sida

For irske kvinner og menn på ja-sida blei dette valet ein suksess. Det som i forkant var venta å bli eit jamt valresultat enda med ein overlegen seier for fjerninga av det åttande tillegget, og dermed også for ei stadfesting av kvinna sin rett til å bestemme over eigen kropp.

Irish Times melder at heile 68 prosent stemte ja medan 32 prosent stemte nei. Blant kvinnene var det heile 70 prosent som stemte for, medan 30 stemte mot. Også blant dei unge finn ein eit stort fleirtal for, då heile 87 prosent mellom 18-24 stemte ja.

Samtidig som denne kampen har gått føre seg i Irland, har me i Noreg nærma oss ein annan merkedag. 30. mai 2018 er det 40 år sidan dagens abortlov blei vedteken i Stortinget, ei lov som gir norske kvinner retten til sjølv å bestemme om svangerskapet skal avsluttast i løpet av dei første 12 vekene.

40 år sidan kvinnene i Noreg fekk rett til sjølvbestemt abort

Det er altså 40 år sidan kvinnene i Noreg fekk retten til sjølvbestemt abort, og dermed retten til å velje kva som skal skje med eins eigen kropp.

For det er nettopp dette valet som er sentralt – det er det som gir kvinner makt over sin kropp. Har du personlege haldningar som tilseier at du ikkje ønsker å ta abort, så er det naturlegvis heilt greitt. Men for dei kvinnene som finn seg sjølv i ein situasjon der abort verkar som den beste løysinga, så skal dei få lov til det. Få lov til å bli anerkjent som den einaste avgjerande stemma i eit spørsmål som handlar om eins eigen kropp. Få lov til å velje sjølv.

Og det er dette også irske kvinner no endeleg skal få. Men medan me følgjer med på irske kvinner sin kamp og suksess, er det viktig å hugse på at denne retten var eit resultat av harde kampar, også her i Noreg.

Vår eiga abortlov må takast vare på

Trass i at dagens abortlov fyller 40 år, er dette framleis eit heitt tema i den norske debatten. Eit døme er reservasjonsrettspørsmålet frå 2014, då Solberg-regjeringa forslo at fastlegar skulle kunne reservere seg mot å vise til og utføre abort. Og seinast tidlegare i år stemte fleirtalet på Aust-Agder Frp sitt årsmøte for eit forslag om at kvinner sjølv skal betale for eigen abort.

Så medan me no rettar augo mot Irland og denne sigeren for kvinner sine rettar, kan ein samtidig sende ein tanke eller to til dei som for godt over 40 år sidan kjempa hardt for den same lova i her Noreg.

Og medan me med eit internasjonalt blikk held fram med kampen i dei landa der abort framleis er ulovleg, må me hugse at vår eiga abortlov også må takast vare på, slik at me aldri treng å kjempe den same kampen igjen. Aldri meir strikkepinnar.