Historisk låge aborttal i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aborttala har dei siste åra vore historisk låge, og dei fall ytterlegare i 2018, viser nye tal frå Abortregisteret i Folkehelseinstituttet.

Fallet kjem av ein markant nedgang i talet på svangerskap blant kvinner under 25 år. Tal frå både Abortregisteret og Medisinsk fødselsregister viser ein tydeleg nedgang i graviditetar blant kvinner under 25 år, både dei ønskte og dei uønskte svangerskapa.

Les også: Seks ting du treng å vite om abort

Flinkare til å unngå uplanlagte svangerskap

– Ungdomskulla etter 2008 har vorte flinkare til unngå uplanlagte svangerskap. Når desse går ned, går både abort- og fødselstala ned, seier overlege Mette Løkeland ved Folkehelseinstuttet.

Tala fell jamt og trutt: I 2017 vart det i alt utført 12.733 abortar i Noreg. Til samanlikning vart det i 2016 utført 13.169 abortar, medan talet var 14.001 i 2015.

I 2018 var abortraten på landsbasis 10,3 per 1.000 kvinner i aldersgruppa 15–49 år. Året før var raten 10,6, og det var ein nedgang frå 11 per 1.000 kvinner i 2016.

Les også reportasjen om Færøyane og kampen for å avstigmatisere abort: – Det handlar om menneskerettar og dei skal ikkje til folkeavstemming.

– Færøyane er eit veldig konservativt og kristent samfunn, der ein held på dei kristne verdiane og det at eit foster er eit liv, seier ungdomspolitikar Hervør Pálsdóttir. Ho får støtte frå Ungdomens Nordiska Råd og leiar i raud Ungdom Tobias Drevland Lund, som vil sikra fri tilgang til abort i heile Norden.