Norske klimagassutslepp opp 0,4 prosent

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppgangen kjem av ein mindre del biodrivstoff i vegtrafikken, i tillegg til meir forbruk av fossilt drivstoff til andre transportformer, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

Utsleppa av klimagassar i Noreg var på nesten 53 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2018. Det vil seie at det vart sleppt ut omtrent 200.000 tonn CO2-ekvivalentar meir enn i 2017.

Lurer du på korleis klimagassutsleppa er i din kommune? Dei kan du også sjekke.

Meir bruk av fossilt drivstoff

– Utslepp frå luftfart, sjøfart, fiske, motorreiskap m.m. auka med over 6 prosent samanlikna med 2017. Totalt står denne gruppa for 7,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Auken kjem av stigande forbruk av anleggsdiesel, marine gassoljer og jetparafin, skriv SSB i gjennomgangen av tala.

Vegtrafikk stod for utslepp av 9 millionar tonn CO2-ekvivalentar, og dette er nesten 3 prosent opp frå 2017.

Det var ein nedgang i salet av bensin og autodiesel i perioden. Salstala inkluderer biodrivstoff, og auken i CO2-utslepp kjem av ein betydeleg reduksjon i delen biodrivstoff i drivstoffblandinga, ifølgje SSB. Nedgangen i biodrivstoff kjem i hovudsak av ein kraftig reduksjon av importert palmeolje.

Les også om Overhalla som er i den norske elbiltoppen: – Oppsiktsvekkande at ikkje fleire satsar

elbil

Ordførar i Overhalla Per Olav Tyldum (t.h.) saman med Jens Himo Vold (t.v.) og Trond Andre Geving (midten). Foto: Overhalla kommune

Forlanger klimakrisepakke

Leiar i Naturvernforbundet, Silje Ask Lundberg, etterlyser rask handling. Pressefoto

Naturvernforbundet reagerer kraftig på dei ferske tala frå SSB.

– Dette viser at vi ikkje er i nærleiken av dei utsleppskutta som trengst for å stanse klimakrisa. I motsetning til 23 av 28 EU-land har Noreg auka utslepp sidan 1990. Dette har ikkje vi eller verda tid til. Norsk klimapolitikk har mislykkast og Stortinget må vedta ein klimakrisepakke no for å få utslepp ned så raskt som mogleg, seier leiar Silje Ask Lundberg i Naturvernforbundet.

Også SV-leiar Audun Lysbakken reagerer på tala.

– Det er veldig alvorleg at regjeringa aukar utslepp i Noreg. Medan skuleelevane streikar for framtida og eit leveleg klima, forsterkar regjeringa klimakrisa, seier Lysbakken.

Les også: Stortingskomité vil ikkje møte krava frå klimastreikarane

Nedgang i utslepp frå olje- og gassutvinning

Tala frå SSB viser òg at utsleppa av klimagassar frå olje- og gassutvinning har gått ned med over 1 prosent frå 2017 til 14,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Produksjonen av olje og gass på norsk sokkel har òg gått ned i 2018, ifølgje norskpetroleum.no.

Miljøpolitisk talsperson i Høgre, Stefan Heggelund, seier både denne nedgangen og nedgangen i importen av palmeolje er ei gledeleg utvikling.

– Det er gode nyheiter for alle som er opptatt av regnskogen. Det fører til at presset på regnskogen blir mindre, og vi veit kor viktig regnskogen er i klimakampen. Noreg bør ha som ambisjon å bidra til mest mogleg klimakutt i verda, og ikkje berre nøye oss med kutt her heime, seier Heggelund.

– Vi må òg vere klar over at ein del av det som skal få oss gjennom eit grønt skifte, på kort sikt kan auke utsleppa noko. Til dømes må vi vinne ut meir kopar og andre metall for å lage elbilar, jernbane, og solcellepanel, legg han til.

Les også reportasjen om Arendal som sidan 2008 har hatt eit mål: – Me skal bli den første klimanøytrale kommunen i Norge!

Foto: Ida Johanne Aadland