No kan du sjekke klimagassutsleppa frå din kommune
Dei siste åra har Miljødirektoratet arbeidd med å lage ei kommuneoversikt over klimgassutsleppa. No er statistikken klar.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Torsdag lanserte Miljødirektoratet oppdatert statistikk om klimagassutsleppa i norske kommuner og fylker.
No kan alle lett klikke seg inn på oversikta over kor store utslepp dei ulike kommunane i landet har, og korleis utslepp er fordelte på dei ulike sektorane. Ein har også mogelegheit til å samanlikne med andre kommunar eller fylke, samt samanlikne med tal frå tidlegare år.
Her kan du sjekke utsleppa i din kommune.
Hordaland på utsleppstoppen
Hordaland er fylket som har desidert høgast klimagassutslepp, med sine 5,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar.
Tala syner at Hordaland frå 2016 til 2017 reduserte klimagassutslepp frå energiforsyning noko enormt: frå over 600 000 tonn CO2-ekvivalentar til rett over 100 000. Men ein del av vinninga gjekk opp i spinninga då utslepp frå industri, olje og gass gjekk opp med over ein halv million tonn.
Rogaland er likevel hakk i hæl med sine 4,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

Les også om Framtida si klimaundersøking: – Bergen har ambisjon om å bli Noregs grønaste storby
Finnmark er på si side fylket som har størst utslepp av klimagassar per innbyggjar, med heile 20,8 tonn CO2-ekvivalentar per finnmarking.

Eit verktøy for kommunane
– Dette er kunnskap alle kommuner bør bruke for å planlegge og prioritere klimatiltak, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet i ei pressemelding.
I tillegg får ein tilgong til malar som skal gjere det enklare for kommunane å rekne ut vinsten av 15 ulike klimatiltak, deriblant ved produksjon av biogass, endre drivstoff i maskinparken og fase ut fossile energikjelder i oppvarminga.

Ordførar Per Olav Tyldum (t.h.) saman med Jens Himo Vold (t.v.) og Trond Andre Geving (midten). Foto: Overhalla kommune