Tidlegare nasjonal talsperson Ola Eian og fleire andre delegatar til MDG-landsmøtet går mot dagens leiing i Grøn Ungdom om å opna for fleire vindmøller på land. OPPDATERT: Under ei dramatisk avstemming laurdag blei det fleirtal for å skjerpa krava til naturvern.
mm

Fredag kunne NTB melda at det er stiv kuling i vindmølledebatten ved inngangen til landsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne i helga.

Talsperson for Grøn Ungdom Teodor Bruu og ni andre delegatar til landsmøtet føreslår å opna for fleire konsesjonar til landbasert vindkraft. Men forslaget møter motstand både i Miljøpartiet Dei Grøne og internt i ungdomspartiet.

– Har ikkje tatt stilling til vindkraftresolusjon

Tidlegare nasjonal talsperson Ola Eian seier det er usemje i Grøn Ungdom om vindmøller på land. Foto: Grøn Ungdom

Tidlegare nasjonal talsperson Ola Eian er no på landsmøtet som delegat frå Grøn Ungdom. Til Framtida.no seier han delegasjonen til Grøn Ungdom ikkje tok stilling til vindkraftresolusjonen som skal stemmast over.

– Talspersonane i Grøn Ungdom uttalar seg difor som enkeltpersonar når dei er veldig positive til landbasert vindkraft, skriv han i ein epost til Framtida.no.

Vil ha meir vern

Saman med seg har han Pauline Tomren frå Osterøy, Miriam Langmoen frå Oslo, Margit Fausko frå Hemsedal, Sebastian Teigen Nygård frå Meland og Nora Selnæs frå Trondheim om eit forslag til ein resolusjon som legg meir vekt på vern mot storstilt vindkraftutbygging og meir energieffektivisering.

– År for år forsvinn dei siste bitane med ingrepsfri natur i Noreg fordi me stadig bygger nye vegar, kraftleidningar og hyttefelt. Vindkraft på land har mykje av skulda, særleg på Fosen-utbygginga kor kring halvparten av resterande inngrepsfri kystnatur i Sør-Trøndelag gjekk tapt, seier Ola Eian.

Han vil heller ha ei storstilt satsing på havvind.

Teodor Bruu er nasjonal talsperson for Grøn Ungdom. Foto: Magnus Skrede/MDG

– Viktig med balanse

Talsperson Teodor Bruu seier til til Framtida.no at verda må firedobla produksjonen av fornybar energi i verda viss me skal nå nullutslepp innan 2050:

– Me har ei klimakrise og ei naturkrise som begge er like viktige å løysa. Seier me blankt nei til vindkraft, gir me opp klimakrisa. Seier me ja til all vindkraft, gir me opp naturkrisa. Den sunne balansen ligg midt i mellom, med mykje vern, men med noko utbygging.

– Eg og alle i Dei Grøne er radikale naturvernere, men eg skulle gjerne sett at me sa konsekvent nei til alle nye hyttefelt, alle nye vegar, alle nye rullebanar, all byutviding, og dessutan forbod mot soyaimport og omgjering av jordbruksområde til villskog, før me sa nei til den eine nedbygginga som også er strengt nødvendig for å fiksa den klimakrisa som tusenvis av ungdommar demonstrerer for i gatene for å løysa.

Skjerpar miljøkrava

Etter ei dramatisk kampvotering under landsmøtet laurdag ettermiddag blei det fleirtal i Miljøpartiet Dei Grøne for å opna for nye vindmøller på land, men partiet skjerpar krava til naturvern.

Talsperson for Grønn Ungdom, Teodor Bruu, seier til Aftenposten at vedtaket betyr at MDG blir meir restriktive overfor til vindkraft på land.

– Det er eit steg i gal retning, konkluderer han.

Oppdatert: sundag 26. mai 2019 13.56

Kommentarar

ANNONSE