Dette kan songen hjelpe oss med
Menneska har brukt song for å skape fellesskap, for å roe ned og som hjelp til å halde ut. Her fortel lege og behandlar Audun Myskja om nokre av funksjonane song kan ha for menneska.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette kan songen gjere
Dette gjer songen med oss:
-
Hjelper mot stress og uro
– Om ein er veldig stressa og utanfor, kan musikk gjere at ein skrur av noko av alarmsystemet som gjer at ein er stressa og ikkje klarer å samle seg.
– Eg har jobba med folk som lir av stress og uro. Song er det som fungerer best. Med stemmen kan du synge deg i gang og du kan roe deg. Det har folk merka til alle tider.
Song har roa urolege barn. Arbeidssongar har hjelpt slitne arbeidarar å halde ut
Song har roa urolege barn. Arbeidssongar har hjelpt slitne arbeidarar å halde ut. Det er to grunnleggande verknader av musikk.
Det kan hjelpe oss når vi er for urolege, og hjelpe oss i gang når vi er slappe, ikkje orkar og er demotiverte.
-
Hjelper personar med demens
– Ved sjukdom kan ein påverke ved hjelp av musikk.
Om talespråket er svekka, kan song og musikk gå inn og erstatte det til ein viss grad, fordi det er mindre sårbart for forandringar i hjernen.
Forsking har vist at demente vart mindre deprimerte og angstfulle da dei fekk høyre musikk som dei kjente frå barndom, ungdom og livet før dei vart sjuke.
Les også: Fann krafta i songen
-
Gjer at dei ulike delane av hjernen kommuniserer betre
– Song og musikk gjer at prosessane som nervesystemet gjer, fungerer meir effektivt.
Song påverkar sentralen for merksemd i hjernestammen. Denne delen av hjernen styrer korleis vi reagerer på sanseinntrykk.
Når det «vert for mykje for oss», kan vi nynna for å gjenvinne balansen. Er vi sløve og slitne, kan vi styrke dette senteret med rytmiske songar som gjer oss meir vakne.
Å synge gjer òg at dei ulike delane av hjernen kommuniserer betre med kvarandre.
-
Kan endre kjenslene våre
I indisk kultur brukte dei musikk for å påverke sinnsstemningar. Om folk var melankolske eller rasande, vart musikken brukt for å endre det.
Om ein person er lei seg, kan ein spele musikk for vedkommande for å gjere det betre. Ikkje nødvendigvis for å gjere personen glad, men for å nå inn til sinnsstemninga personen er i, og gradvis endre på tilstanden.
Les også: – Song er like viktig for helsa som kosthald og trening
-
Har ei sosial rolle
– Under store eller dramatiske hendingar som 22. juli, speler songen og musikken ei sosial rolle.
Alle kulturar har brukt song og musikk når ei hending er for stor for mennesket å handtere aleine. I bryllaup, gravferder, hendingar som er for store for ein person å snakke om, da bruker ein song og musikk for å sameine.
UNDER HENDINGAR SOM ER FOR STORE FOR EIN PERSON Å SNAKKE OM, DA BRUKER EIN SoNG OG MUSIKK FOR Å samEINE
Det er gjort medisinsk forsking på verknaden av å synge i kor, og det er forbløffande kor god verknad korsong har. Både musikken i seg sjølv, men òg fellesskapet. Det å oppleve å synge saman gir eit løft.
-
Er ein del av vår skaparevne
– Vi kan bruke stemma og tekstar til å skape, omskape, og synge om liva våre. Samane har joiketradisjonen. Song finst blant alle urfolk.
Samane seier at alle har sin joik. Alle kan bruke song til å kome nærmare sitt eige uttrykk.
-
Betrar helsa, aukar trivsel og reduserer sjukefråvær
– Eg har vore på sjukeheim med dårleg stemning og høgt sjukefravær.
Da vi innførte oppstart av song og bevegelsar, fekk vi ei veldig auke i trivsel og nedgang i sjukefråvær.
Les også: Det umusikalske mennesket er ein myte
Andre kjelder: «Sang og velvære – En kartlegging av eksisterende forskning om sangens effekter» av professor Anne Haugland Balsnes.
Ta Framtida.no sin musikk-quiz: Kan du fullføre teksten?