Elevar fekk fritak frå å sjå skeiv framsyning på skulen

– Sjokkerande, meiner manusforfattaren.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

7–8 elevar på mellomtrinnet ved Kviteseid skule fekk fritak frå å sjå framsyninga «Hjarte i alle fargar», som er ein del av Den kulturelle skulesekken, skriv NRK. Skulen ligg i Vestfold og Telemark fylke.

Framsyninga består av høgtlesing av ulike avsnitt om forelsking, frå eit utval romanar. Ifølge Nynorsk kultursentrum skal framsyninga utfordre publikum sine tankar rundt kjønn og stereotypar, og det skeive er synleg som ein naturleg del av å vere menneske.

Fleire foreldre i Kviteseid søkte om at borna deira fekk fritak frå å sjå framsyninga, og rektor på skulen godtok søknadene. 

Ordføraren støttar avgjerda

Ordførar Tarjei Draugedal (KrF) har støtta avgjerda i lokalavisa. Han seier til NRK at elevane ikkje skal få fri frå kunnskapsformidlinga i lærebøkene, men at dei kan søke om fri frå «sånne ting».

– Det er mange som er Jehovas vitne, dei kan få fri for sitt. Akkurat no var det den førestillinga «Hjarte i alle fargar», og viss foreldre ikkje synest at ungar skal bli utsette for dette, så kan dei søke om fri, seier han til NRK.

Varaordføraren i kommunen, Stian Hauge (Sp), er derimot kritisk til at elevane fekk fritak, og han etterlyser klarare reglar for når elevar kan få fritak eller ikkje.

Lova seier nemleg at elevar og foreldre kan søke om at borna får fritak frå delar av undervisinga som blir opplevd som støytande eller krenkande for nokon sin religion eller livssyn.

– Skal vi byrje å gi fritak for fundamentale læreområde? Er evolusjonsteorien i biologitimen noko som kan diskuterast, eller det faktum at vi står i ei klimakrise? seier Hauge til NRK.

– Kva signal sender det?

Manusforfattaren og forteljaren i stykket, Charlotte Øster, reagerer også. Ho fortel at det er første gong nokon har bede om fritak frå å sjå stykket.

– Eg synest det er sjokkerande. Kva signal sender det ut? spør ho i eit innlegg i lokalavisa Vest-Telemark Blad.


Foto: Cecilie Johnsen via Unsplash
// Josh Cavallo: Skjermdump // Megan Rapinoe: Lorie Shaull, CC BY-SA 2.0 // Jake Daniels: Blackpool FC // Gus Kenworthy: AP Photo/Gero Breloer // Guro Reiten: Martin Solhaug Standal / NTB