Fleire skuleelevar fortel at dei blir mobba av lærarar: – Heilt forferdeleg

Elevundersøkinga viser at fleire born opplever at dei vert mobba av både medelevar og vaksne på skulen. Det er alvorleg, meiner Petter Andreas Lona, leiar i Elevorganisasjonen.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Den ferske elevundersøkinga frå Utdanningsdirektoratet (Udir) syner at fleire skuleelevar fortel om mobbing både på skulen og digitalt. Dette er ein trend som har utvikla seg over fleire år.

I 10. klasse oppgir éin av 10 elevar at dei har blitt mobba to–tre gonger i løpet av dei siste månadane. På 7. trinn fortel éin av åtte elevar det same.

Tala for vidaregåande skule kjem neste veke.

– Ikkje gjort nok

Petter Andreas Lona, leiar i elevorganisasjonen, er bekymra over auken i mobbing i skulen.

– Trenden har ikkje snudd frå i fjor. Det tyder på at vi ikkje har gjort nok for å betre skulemiljøa. Eg trur det botnar i at skulemiljøet mellom elevane ikkje er prioritert, seier han. 

Sidan koronapandemien har ein sett ei negativ utvikling i skulemiljøet, men Lona meiner ein ikkje kan gi pandemien skulda for årets resultat. Han viser til at det er fleire ting som speler inn.

– Måten vi måler samfunnet på, dreier seg mykje om prestasjon, karakterar og eksamen, framfor at vi passar på at elevane i skulen har det bra. Men sånn har det vore lenge, så det er vanskeleg å seie korleis det konkret påverkar tala. Ungdom treng ein stad å vere saman, og dei har ikkje gode nok moglegheiter til det etter pandemien, seier Lona.

Fleire vert mobba av vaksne

I undersøkinga oppgir 4,9 prosent av elevane på 10. trinn at dei har vorte mobba av ein vaksen på skulen to–tre gonger dei siste månadane. Her har det vore ein markant auke dei siste to åra.

Lona seier at dette er alvorleg, særleg med tanke på maktposisjonen lærarar har overfor elevar.

I fjor vedtok Stortinget ein ny opplæringslov som mellom anna gjer endringar i saker der ein elev hevdar å bli mobba av ein vaksen på skulen. Den eksisterande lovteksten slår fast at rektor skal melde alle slike tilfelle inn til kommunen eller fylkeskommunen som eig skulen. I den nye lova, som trer i kraft seinare i år, heiter det at rektor skal melde frå, «med mindre meldinga er openbert grunnlaus.»

Med bakgrunn i dette meiner Lona det er ekstra bekymringsverdig å sjå at talet elevar som kjenner seg mobba av vaksne, aukar.

– Det vert opp til rektor om ein anser saka som grunnlaus eller ikkje. Det synest eg er ganske skummelt. Det kan gjere det endå eklare framover, når lova trer i kraft. Eg ventar at den svekkinga av rettstryggleiken til elevane vert kompensert eller reversert, så elevar faktisk kan varsle om alvorlege tilhøve. Å gjere det vanskelegare å varsle, kan gjere vondt verre, seier han.

Må finne balanse

Geir Røsvoll, leiar i Utdanningsforbundet, fortel at dei har støtta endringa i lovteksten. Utdanningsforbundet har i stor grad støtta føresegnene i den nemnde lova, men har peika på utfordringar med korleis omgrepet krenking vert brukt.

– Vi må ha eit regelverk som ivaretek rettstryggleiken til både vaksne og elevar i skulen. Det er viktig at vi finn den beste balansen, seier Røsvoll.

Han legg til at mobbing er eit alvorleg samfunnsproblem som må jobbast med på alle område, ikkje berre i barnehage og skule.

– Det er urovekkande at det er ein auke, og det er heilt uakseptabelt at elevar vert mobba av vaksne. Det er i strid både med føremålsparagrafen og verdigrunnlaget for opplæringa, og ikkje minst stikk i strid med profesjonsetikken til lærarane. Den etiske plattforma til lærarane forpliktar både lærarar og leiarar til å handle for å fremje ungar sitt beste, og ikkje minst å verne born og elevar mot mobbing og krenkingar, slår Røsvoll fast.

Dagens lovtekst

§ 9 A-5. Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev

Dersom ein som arbeider på skolen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider på skolen, utset ein elev for krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering, skal vedkommande straks varsle rektor. Rektor skal varsle skoleeigaren. Dersom det er ein i leiinga ved skolen som står bak krenkinga, skal skoleeigaren varslast direkte av den som fekk mistanke om eller kjennskap til krenkinga. Undersøking og tiltak etter § 9 A-4 tredje og fjerde ledd skal setjast i verk straks.

Kjelde: Lovdata.no

Meir digital mobbing

Elevundersøkinga viser også at fleire opplever mobbing på nett enn dei føregåande åra.

For elevar på 10. trinn aukar nettmobbing frå 3 til 4,5 prosent.

Lona slår fast at det også er naudsynt å satse på god digital danning blant elevane, og gjere dei merksame på konsekvensane digital mobbing har.

– Vi treng like mykje kompetanse på digital mobbing som fysisk mobbing. Begge deler er like alvorleg, og skulen må ta tak i begge deler, seier han.

Etterlyser nasjonalt fokus

Elevorganisasjonen etterlyste i fjor tydelege prioriteringar frå kunnskapsministeren for å slå ned på mobbinga. Lona seier at ein enno ikkje har sett noko til dei tiltaka.

– Det har ikkje vore eit ordentleg nasjonalt fokus på å snu trenden. Då er det ikkje rart at trenden ikkje har snudd, seier han. 

Sjølv om kommunane eig dei offentlege barne- og ungdomsskulane, og fylkeskommunane eig dei vidaregåande skulane, er det likevel naudsynt med eit nasjonalt perspektiv på mobbing, meiner Lona.

– Vi treng ein felles innsats mot mobbing, og då treng vi også ein minister som kan leie den innsatsen. Vi ventar at Kunnskapsdepartementet tek grep, seier han.

Vil ha mindre klassar

Røsvoll i Utdanningsforbundet seier det viktigaste grepet mot mobbing er å jobbe førebyggande. Det handlar om det som føregår i skulen kvar dag.

– Det er viktig at ein har tid til å sjå og følge opp den einskilde eleven. Det gjer ein først og fremst ved å få ned storleiken på klassane. Det er stor skilnad på om du har veldig mange elevar i gruppa, eller færre, seier han.

Dessutan etterlyser han moglegheiter til å jobbe med meir praktisk og variert undervising.

– Vi får tilbakemeldingar om at mange opplever press om ressursane ute i kommunane og i skulane. Alt handlar om at vi er nøydde til å klare å skape gode relasjonar og inkluderande fellesskap der alle har ein plass, og ikkje minst at elevane vert involverte, seier han.

Trivst stort sett

Det gode funnet er at dei fleste elevane verkar å trivast på skulen. 8 av 10 elevar på både 7. og 10. trinn svarar at dei trivst godt på skulen. Her har det vore ein svak nedgang.

Talet er dramatisk lågare blant elevane som opplever mobbing.


Talsperson i Grøn Ungdom, Margit Martinsen, oppmodar regjeringa til å sjå på verkemidla til lærarar og fråværsreglementet i samband med mobbing. Foto: Privat