Finn samhald i songen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den beste måten å beskriva å synga i kor på, er at det er sosialt og inkluderande, seier Andreas Grevle (24).

Vossingen held for tida på med ei bachelorgrad i samfunnsøkonomi, men på fritida syng han i mannskoret Arme Riddere, eit av dei mest profilerte kora i Bergen. Det har han gjort sidan våren 2017, men det var ikkje heilt sjølvsagt at det var der han skulle enda opp:

– Å synga i kor var ikkje akkurat det eg hadde tenkt meg, men eg eg følte eg måtte engasjera meg i noko. Eg møtte opp på ein opptaksprøve, og så fekk eg ein telefon same helg om at eg var komme med. Etter det har det rett og slett vore eit eventyr, fortel Andreas.

Andreas Grevle (24) i mannskoret Arme Riddere, og Aisha Marie Heim (26) i studinekoret Sirenene, synest begge det er kjekt å synge i kor. Foto: Vetle Mikkelsen

– Var desperat etter å få vennar

Arme Riddere blei starta i 1996. Året etter starta studinekoret Sirenene opp. Dei to er for søskenkor å rekna. Masterstudent og trønder Aisha Marie Heim (26) syng i Sirenene.

Hausten 2016 hadde Aisha akkurat komme tilbake frå utveksling, og ønskte seg ein sosial fritidsaktivitet.

– Eg var med i ein annan studentorganisasjon tidlegare, men utskiftingar skjer fort sånne stader. Eg var desperat etter å få vennar, ler Aisha.

Tilfellet ville ha det til at ho kjente ein som song i Arme Riddere. Dette, kombinert med Aisha sitt behov for å utfalda seg musikalsk, gjorde vegen til Sirenene kort.

– Eg visste at Sirenene var flinke, så eg prøvde meg og kom inn, fortel ho.

Les også: Den kulturberande songen

Sterkt samhald

Andreas beskriv miljøet rundt Arme Riddere som særs inkluderande. Sjølv hadde han nettopp bytta studium, då han blei med i koret.

Ettersom han då enda opp i ein ny klasse med folk han ikkje kjende så godt, og sidan han ikkje hadde vore med i fadderveka til den nye klassen, fall han òg litt utanfor det sosiale.

Så byrja han å synga i kor:

– Det er veldig rart å komma inn i, for du får plutseleg 24 nye kameratar. Eg blei brått meir sosial, seier han, og legg til at Arme Riddere er 40 prosent musikk og 60 prosent sosialt.

Arme Riddere i aksjon. Foto: Lucas Ibanez-Fæhn

Aisha si oppleving er noko lik:

– Du får ein venninnegjeng på 30 og ein kompisgjeng på 24, seier ho, og refererer til band mellom Sirenene og Arme Riddere.

Det å synga i kor har med andre ord hatt ein stor effekt på liva deira. Både Andreas og Aisha fortel at å synga i kor har hatt særs mykje å seia for dei reint sosialt, i tillegg til det musikalske.

Les også: Å skrive musikk vart hjelp mot depresjonen

Ulike høgdepunkt

– Kva er dokkar personlege høgdepunkt, når det kjem til det å opptre?

– Vi hadde sett oss som mål å «erobra» Oslo. Med 350 stykk i publikum, hadde vi konsert på Cosmopolite Scene i Oslo. Det var veldig proft rigga, og ei veldig mektig oppleving, seier Andreas.

– Det største eg har vore med på, var vel jubileumskonserten våren 2017, fortel Aisha.

Sirene i aksjon. Foto: Helene Kjærgaard

Dei er likevel einige i at det er utfordrande å velja ut eitt enkelt høgdepunkt.

Les også: Dette kan songen gjere 

Anbefaler å prøva det ut

Både Aisha og Andreas er tydelege på at dei tilrår andre å prøva å synga i kor. I både Sirenene og Arme Riddere finst det folk med ulik bakgrunn, som finn saman i musikken.

– Det ligg noko grunnleggande samlande i musikk, og i det å synga same songar, meiner Aisha.

– Det er heilt unikt. Uansett om det er eit julebord eller ein konsert, er det noko mektig med å synga saman med andre, seier Andreas.

Les også: – Song er like viktig for helsa som kosthald og trening